Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kvardagsaktivitet

Vi er fødde for å bevege oss, men likevel er vi ofte det meste av tida vår i ro. Korleis kan du og andre bli meir aktive i kvardagen?
Fem ungdommar går i ei gate og snakkar saman. To av gutane har øyretelefonar rundt halsen. Dei to jentene har lange skjerf. Alle smiler og ser glade ut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst mange moglegheiter for å bli meir fysisk aktiv. Du kan til dømes ta trappa i staden for heisen og gå til butikken i staden for å ta bussen. Det er stor forskjell på å bevege seg litt kvar dag og berre sitje i ro.

Forsking viser at du ikkje nødvendigvis må trene i helsestudio eller gå lange turar i marka eller på fjellet for å få betre helse. Sjølv små endringar i kvardagen kan gjere ein stor forskjell.

Oppgåve 1. Kvardagsaktivitet

Oppgåve 2. Casar om auka aktivitet

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2021

Læringsressursar

Fysisk aktivitet som livsmeistring