Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva skjer med kroppen når vi trenar?

Fysisk aktivitet er ein viktig faktor for å fremme god helse og førebygge livsstilssjukdommar. Men kva skjer eigentleg med kroppen vår når vi trenar? Og korleis kan vi skape varige endringar i det daglege aktivitetsnivået vårt?

Spørsmål til filmen

  1. Kva skjer med den fysiske forma til Annette og Vanja etter ein månad med fysisk aktivitet?

  2. Kvifor er det viktig å variere mellom kondisjons- og styrketrening for å auke delen musklar i kroppen?

  3. Kva for nokre andre positive gevinstar opplever Annette og Vanja etter fire veker med trening?

Fysisk aktivitet

Våren 2022 kom Helsedirektoratet med nye tilrådingar for fysisk aktivitet og tid i ro.

  1. Gå inn på Helsenorge si nettside om trening og fysisk aktivitet. Kva er dei nasjonale råda om fysisk aktivitet for

    1. barn og unge

    2. vaksne

    3. gravide

  2. Tilrådingane skil mellom ulike nivå av fysisk aktivitet. Bruk døme til å forklare omgrepa

    1. moderat intensitet

    2. høg intensitet

  3. Kva seier tilrådingane om fysisk aktivitet dersom du sit mykje i løpet av dagen?

Aktivitet i kvardagen

Litt aktivitet er betre for helsa enn ingen aktivitet, og for å skape varige endringar er må det vere tiltak som er overkommelege og kan gjennomførast.

  1. Jobb saman i grupper på tre eller fire elevar. Lag eit forslag med konkrete tiltak til korleis de kan auke aktivitetsnivået i klassen i løpet av skuledagen.

  2. Gjennomfør tiltaka frå kvar gruppe ein skuledag slik at de har prøvd alle forslaga.

  3. Dokumenter dei ulike aktivitetane med bilete eller film. Lag ein digital presentasjon som blir vist i klassen etter at de har gjennomført aktivitetsforslaga frå alle gruppene.

Refleksjon i grupper og i klassen

  1. Kva for nokre av aktivitetane kan gjennomførast over tid?

  2. Kva aktivitetar er ikkje overkommelege for ein lengre periode? Grunngi.

  3. Kva for nokre av forslaga vil de halde fram med som ein fast aktivitet i løpet av skuledagen?

  4. Korleis kan desse aktivitetane bidra til auka trivsel og eit godt læringsmiljø i klassen?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 17.08.2022

Læringsressursar

Fysisk aktivitet som livsmeistring