Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Heile skulen i aktivitet!

Kvifor er fysisk aktivitet viktig, og kva kan vi gjere for å vere meir aktive? Gjennomfør eit tverrfagleg prosjekt for å få heile skulen til å bli meir aktive i kvardagen.
Ei gruppe personar på ein fjelltopp hoppar og strekker armane i veret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis kan vi bevege oss meir og få til auka fysisk aktivitet på skulen? I denne oppgåva finn du forslag til kva de i klassen og på skulen kan gjere for å få til meir fysisk aktivitet i skulekvardagen. De kan velje å jobbe med ei eller fleire av oppgåvene.

Rettleiing til lærarar

Dette er eit tverrfagleg prosjekt om fysisk aktivitet som kan involvere heile skulen. De kan jobbe klassevis på tvers av fag, samarbeide med og konkurrere mot kvarandre. Det er opp til skulen å avgjere kor lang arbeidsperioden skal vere, og kor mykje tid de set av til prosjektet.

De kan også kombinere dette prosjektet med andre ressursar frå den tverrfaglege casen Fysisk aktivitet som livsmeistring.

I Klarte ikkje å vise lenke.: læringsstien "Mitt prosjekt for auka fysisk aktivitet" finn de forslag til oppgåver som kan fungere i oppstarten av prosjektet, og forslag til korleis elevane kan jobbe individuelt for å auke aktiviteten sin.

I oppgåvene "Fysisk aktivitet i fellesfag og studieførebuande fag" og "Fysisk aktivitet i yrket ditt" finn de forslag til korleis ein kan jobbe med fysisk aktivitet på ulike studieretningar.

Oppgåve 1: Lag ein helsefremjande kampanje for auka aktivitet

Arbeid saman i grupper på tre–fire elevar, og lag ein haldningskampanje for auka fysisk aktivitet på skulen.

Oppdrag:

Korleis kan de motivere flest mogleg på skulen til å bevege seg meir i kvardagen?

Det er vanskeleg og tidkrevjande å få folk til å endre haldningar. Vel verkemiddel og publiseringsplattformer som engasjerer og treffer målgruppa for kampanjen.

Spørsmål det kan vere lurt å tenke gjennom:

  • Kva er målet med haldningskampanjen?

  • Kven er målgruppa?

  • Kva engasjerer målgruppa?

  • Kva publiseringsplattformer treffer målgruppa?

  • Kan det vere aktuelt å samarbeide med nokon utanfor skulen?

Når de har ein felles idé, må de legge ein plan for korleis de vil gjennomføre kampanjen.

Tips og ressursar til arbeid med kampanjar

Artikkel: Haldningskampanjar

Artikkel: Slik påverkar du haldningar

Oppgåve 2: Aktivitetsdag

Gjennomfør ein aktivitetsdag med klassen, klassetrinnet eller heile skulen. Å flytte undervisninga ut kan vere eit fint avbrekk frå å jobbe i klasserommet. Å drive med aktivitet skaper samhald og bidreg til eit godt miljø i klassen og på skulen.

Tips til aktivitetar

Arranger ein idrettsdag med ulike idrettar og aktivitetar.

Ta ein tur på fjellet, i skogen eller i marka.

Arranger rebusløp, sporleik eller orientering.

Bruk ein dag ute i snøen anten på ski eller skøyter.

Ta ein sykkeltur i nærmiljøet.

Oppgåve 3: Auka fysisk aktivitet i skulekvardagen

Undersøk kva skulen kan gjere for å legge til rette for meir fysisk aktivitet i skulekvardagen. De kan til dømes ta utgangspunkt i desse spørsmåla:

  • Korleis påverkar fysisk aktivitet læring?

  • Korleis kan vi legge til rette for meir fysisk aktivitet i undervisninga?

  • Er det mogleg å vere fysisk aktiv i teoretiske fag?

Jobb i par eller grupper, og lag konkrete forslag til undervisningsopplegg som krev fysisk aktivitet. Test deretter ut undervisningsopplegga de har laga, som ein del av undervisninga i eit emne.

Tips til aktivitetsskapande organisering

Artikkel: Kva er dulting?

Ressursside, ASK: Fysisk aktiv læring

Aktivitetskassen.no

De kan også intervjue kroppsøvingslærarane på skulen for å høyre om dei har nokre tips.

Oppgåve 4: Fysisk-aktiv-konkurranse

Konkurranse er motiverande for mange. Organiser ein konkurranse for å auke motivasjonen for fysisk aktivitet. I denne konkurransen skal de konkurrere om å vere mest mogleg aktive over ein viss periode.

De kan organisere dykk i grupper i klassen som konkurrerer mot kvarandre, eller så kan fleire klassar konkurrere mot kvarandre. Denne konkurransen kan også kombinerast med læringsstien "Mitt prosjekt for auka fysisk aktivitet".

Set opp eit poengsystem som gjer det enkelt for alle å registrere aktiviteten sin.

Korleis samle poeng?

Her er eit forslag til korleis de kan rekne poeng. Kvar deltakar kan få maks. 3 poeng per dag.

  • 5–30 min aktivitet: 1 poeng

  • 31–60 min aktivitet: 2 poeng

  • 61–90 min og meir: 3 poeng

De kan eventuelt gi ekstra poeng for aktivitet til og frå skulen eller i løpet av skuledagen. Viss nokon til dømes går 15 minutt til og frå skulen, eller tek ein rusletur rundt skulen i lunsjpausen, får dei 2 poeng.

Dette forslaget til poengsystem er ei forenkla utgåve av Bedriftsidrettens poengsystem i sykle-til-jobben-aksjonen.

Den klassen eller gruppa som i løpet av perioden har klart å samle flest poeng, vinn konkurransen.

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø, Cathrine Dunker Furuly og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2022

Læringsressursar

Fysisk aktivitet som livsmeistring