Hopp til innhald

Fagstoff

Slik påverkar du haldningar

Ein haldningskampanje må appellere både til hjartet og hjernen. Fokuser på ei problemstilling om gongen og vslør noko folk opplever som sant. Då framstår bodskapen din som truverdig. Bruk fleire kanalar og lag alliansar.

Formulerer problemstillinga

Det er oppdragsgjevaren som avgjer kva ein haldningskampanje skal dreie seg om. Saman formulerer de problemstillinga på ein så enkel måte som råd er. Det er viktig å fokusere på ei problemstilling om gongen, elles blir bodskapen utydeleg.

Framstå som truverdig

Det viktigaste i ein haldningskampanje er å avsløre noko folk opplever som sant. Slik blir bodskapen truverdig. Truverde er avgjerande for at haldningskampanjen skal lykkast i å endre måten folk tenker og oppfører seg på.

Vurder verkemidla

Ein haldningskampanje må appellere både til hjartet og hjernen. Vel difor bilete og ord med omhug. Humor og ironi har ofte større effekt enn ein streng peikefinger. Men hugs at ironi er lett å misforstå. Det er ikkje alle som forstår ein spøk.

Test gjerne produksjonsskissa på eit utval personar med ulik bakgrunn før du går i gang med produksjonen. Vender dei tommelen ned, må du tenke ein gong til. Det er også lurt å teste det ferdige produktet på ei kontrollgruppe før det blir publisert.

Bruk fleire kanalar

Det er vanskeleg og tidkrevjande å få folk til å endre haldningar. Å lage ein videosnutt er langt frå nok. Bodskapen må presenterast i ulike former og i ulike medium.

Sett gjerne i gang ein aktivitet samtidig. Det kan vere ein konsert, ei utstilling eller ein konkurranse. Det kan også vere lurt å ta kontakt med politikarar eller andre samfunnsaktørar som kan sette saka på den politiske dagsorden. Det er dei som har makt til å endre lover og reglar.

Blind i arbeid

Try reklamebyrå har laga fleire videoar for kampanjen Blind i arbeid. Filmane fortel humoristiske suksesshistorier om blinde i arbeidslivet. Blind i arbeid

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 18.12.2017

Læringsressursar

Profesjonell kommunikasjon og nye teknologiar