Hopp til innhald
Oppgåve

Fysisk aktivitet i yrket ditt

Fysisk aktivitet er viktig for alle uansett yrkesretning. Utforsk ulike sider av fysisk aktivitet knytt til utdanningsprogrammet og det framtidige yrket ditt.

Kvifor er fysisk aktivitet viktig, og korleis kan fysisk aktivitet påverke det framtidige yrkeslivet ditt? I denne oppgåva skal du velje ei problemstilling og utforske betydninga av fysisk aktivitet i eit valt yrke eller utdanningsprogram. Du finn lenker til relevante ressursar du kan bruke til å utforske problemstillinga. Bruk gjerne desse ressursane som inspirasjon til å lage dine eigne problemstillingar og til å utforske andre kjelder på nett.

HMS og skadeførebyggande trening

Programområde: alle

Fysisk aktivitet kan førebygge skadar på arbeidsplassen, og rett bruk av kroppen er viktig mellom anna for å unngå belastningsskadar.

Forslag til problemstillingar:

  • Korleis kan fysisk aktivitet førebygge skadar i yrket ditt?

  • Kva slags type trening førebygger skadar i arbeidslivet?

  • Korleis kan bedrifter legge til rette for meir fysisk aktivitet blant dei tilsette?

Lenker til ressursar om HMS og skadeførebyggande trening

Artikkel: Kvifor trene skadeførebyggande?

Artikkel: HMS i frisørfag

Artikkelsamling: Uthald

Artikkelsamling: Styrke

Ressursside, Ergonomiportalen: En guide til bedre ergonomi i bygg og anlegg

Artikkel, Idebanken: Fysisk aktivitet gir positive effektar på arbeidsplassen

Å legge til rette for fysisk aktivitet blant unge og eldre

Programområde: helse- og oppvekstfag

Korleis kan du legge til rette for auka fysisk aktivitet blant ulike aldersgrupper med ulike utfordringar?

Forslag til problemstillingar:

  • Kvifor er det viktig å legge til rette for auka fysisk aktivitet?

  • Korleis kan du motivere brukarar til å bli meir fysisk aktive?

  • Korleis kan du bidra til at barn opplever glede og samhald i fysisk aktivitet og leik?

  • Kva rolle har du for rørslepraksisen til barn og unge inne, ute og på tur?

Lenker til ressursar om god helse og utvikling hos barn

Artikkel: Kva er god helse?

Artikkel: Helsefremmande arbeid

Artikkel: Stimulere motorisk utvikling hos barn 1 til 6 år

Artikkel: Stimulere motorisk utvikling hos barn 6 til 18 år

Artikkel: Dulting

Oppgave: Legge til rette for indre motivasjon

Artikkel, Gemini.no: Fysisk aktive barn mindre deprimerte

Ny teknologi og fysisk aktivitet

Programområde: informasjonsteknologi og medieproduksjon / elektro og datateknologi / teknologi og industrifag

Teknologi er blitt ein viktig del av kvardagen vår. Kan vi bruke teknologi for å bli meir klar over eige aktivitetsnivå og auke motivasjonen for å bevege oss meir?

Forslag til problemstillingar:

  • Korleis kan teknologi bidra til auka fysisk aktivitet?

  • Korleis kan spel, som til dømes Pokémon Go eller Nintendo Wii, fremme fysisk aktivitet?

  • Kva personvernutfordringar kan aktivitetsappar ha?

  • Korleis kan du bruke medium til fange augneblinkane ute på tur og skildre friluftsliv og fysisk aktivitet?

  • Er det ein samanheng mellom bruk av sensorteknologi og mengde fysisk aktivitet?

  • Korleis kan du bruke arduino til å registrere fysisk aktivitet?

Lenker til ressursar om teknologi knytt til fysisk aktivitet

Artikkel, Gemini.no: PAI – treningen som gjør deg "yngre"

Artikkel, Gemini.no: Exergames for eldre

Artikkel, Forskning.no: Mer teknologi i idretten!

Artikkel, Forskning.no: Treningsdingser har ikke gjort oss sunnere

Marknadsføring av fysisk aktivitet

Programområde: sal, service og reiseliv

Det er ein trend innan reiselivet at turistar ønsker å vere meir aktive på feriane sine. Dette har ført til eit auka tilbod av aktive reiseopplevingar, som rideturar, brevandring, toppturar, padleturar m.m.

Forslag til problemstillingar:

  • Kva tilbod finst for aktive feriar? Finn døme på ulike reiselivsaktivitetar til ulike målgrupper.

  • Korleis kan ei vriding mot meir aktive feriar for folk flest føre til betre folkehelse?

  • Korleis kan vi få reisande som vanlegvis ikkje er så aktive, til å vere i meir fysisk aktivitet i ferien?

  • Vel ut ein aktiv reiselivsaktivitet. Korleis vil du marknadsføre han i sosiale medium? Lag ein marknadsplan.

Lenker til ressursar om marknadsføring av trening og opplevingar

Artikkel: Kva er ein marknadsplan?

Artikkel: Opplevingar

Artikkel, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet: Naturbaserte reiselivsbedrifter i Norge – en statusoversikt

Eit fysisk aktivt yrke

Programområde: bygg- og anleggsteknikk / teknologi- og industrifag / naturbruk / elektro og datateknologi

Nokre yrke krev at du er i relativt god fysisk form for å kunne utføre arbeidsoppgåvene på ein god måte.

Forslag til problemstillingar:

  • Kor fysisk aktiv krev det framtidige yrket ditt at du er?

  • Korleis kan eit fysisk aktivt yrke påverke helsa di over tid?

  • Er det ein samanheng mellom fysisk aktivitet og trivsel i jobben?

  • Korleis påverkar fysisk aktivitet arbeidsinnsatsen din?

Lenker til ressursar om fysisk aktivitet på arbeidsplassen

Artikkel, Idebanken: Fysisk aktivitet gir positive effektar på arbeidsplassen

Artikkel, Gemini.no: Arbeid vi blir syke av, kan gjøres helsefremmende

Design og fysisk aktivitet

Programområde: frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign / håndverk, design og produktutvikling

Korleis kan vi skape gode omgivnader som bidreg til å auke aktiviteten i kvardagen?

Forslag til problemstillingar:

  • Korleis kan design bidra til å auke fysisk aktivitet?

  • Korleis kan ei (sals)utstilling inspirere ei vald mottakargruppe til fysisk aktivitet?

  • Korleis kan innreiinga av ein bustad stimulere til aktivitet?

  • Korleis kan funksjonelle kvardagsklede bidra til meir kvardagsaktivitet?

  • Korleis kan skilting i offentlege rom bidra til at folk vel å gå i trapper i staden for å ta heisen?

Lenker til ressursar om design for folkehelsa

Artikkel, Gemini.no: God arkitektur er en investering i folkehelsen

Artikkel, Gemini.no: Designpris til sporty hoftebeskytter

Artikkel, Gemini.no: Slik kler du deg i kulde – fra topp til tå