Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Podkastoppgåver om friluftsliv

Det er mange fordelar med å vere ute i naturen. Lytt til ein podkast om friluftsliv med komikar Jonis Josef og eventyrar Randi Skaug, og reflekter over kva du kan gjere for å vere meir ute i naturen.
To ungdommar med ryggsekk på tur i skogen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1 – førebuing

Før du lyttar til podkasten, tenk etter:

  1. Kva for nokre gode naturopplevingar har du hatt?

  2. Kva var det med desse naturopplevingane som var så fint?


Programleiar Jonis Josef poserer framfor eit mikrofonstativ. Han smiler og ser imøtekommande ut. Foto.
Kva veit eg?

Friluftsliv

Kva er eigentleg friluftsliv? Kva er det som er så fint med å vere ute? Kva skjer i kroppen når vi er ute i naturen? Korleis kan ein bli glad i å vere ute? Dette og meir vil du få svar på om du lyttar...

0:00
-0:00

Oppgåve 2 – friluftsliv

Lytt til podkasten, og svar på spørsmåla under.

  1. Kva er fint med å vere ute i naturen, ifølge Randi Skaug og Jonis Josef?

  2. Kva er viktig å hugse på når du skal gå på tur, ifølge Skaug?

  3. Skaug seier at den største utfordringa med å komme seg ut er å overvinne "dørstokkmila". Kva kan du og andre gjere for å overvinne dørstokkmila?

  4. Kva tips frå podkasten kan du ta med deg for å bli meir aktiv og vere meir ute i naturen?

Oppgåve 3 – øving i friluftsliv

I podkasten fortel Jonis Josef og Randi Skaug om korleis gåturar hjelper dei å tenke og bli meir kreative. Forsøk eit par gonger for å finne ut korleis det verkar for deg. Test det ut heime, og beskriv kort korleis det gjekk.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 02.12.2021

Læringsressursar

Fysisk aktivitet som livsmeistring