Fysisk aktivitet i fellesfag og studieførebuande fag
I denne oppgåva skal du lage ei fagleg problemstilling og utforske fysisk aktivitet med utgangspunkt i denne.
Det finst mange spennande faglege inngangar til å utforske fysisk aktivitet. Men det er vel mest spennande å utforske noko du sjølv har lyst til å finne ut? Når du skal lage ei problemstilling sjølv, er det lurt å bruke god tid på å finne ut kva denne problemstillinga skal vere.
Artikkelen "Slik kan du jobbe utforskande" gir deg tips til korleis du kan komme i gang med utforsking, lage problemstillingar og legge opp arbeidet.
Lag ei problemstilling som handlar om fysisk aktivitet, men der du må bruke kunnskapar og ferdigheiter frå det faget de jobbar med.
Under finn du forslag til problemstillingar som kan vere aktuelle i ulike fag. Alle desse problemstillingane er også relevante for kroppsøving.
Forslag til problemstillingar | Fagleg relevans |
---|---|
Kvifor er fysisk aktivitet ein viktig del av ein sunn livsstil? | naturfag |
Korleis påverkar fysisk aktivitet kroppen og hjernen? | biologi/psykologi |
Korleis kan styresmaktene påverke helsevanane dine? | samfunnskunnskap |
Kva samfunnskonsekvensar har helsevala dine? | samfunnskunnskap |
Kva er dei historiske årsakene til at vi beveger oss mindre i dag enn vi gjorde tidlegare? | historie |
Korleis kan fysisk aktivitet førebygge psykiske vanskar? | psykologi |
Kva kan staten gjere for å auke fysisk aktivitet i befolkninga? | samfunnskunnskap |
Korleis kan sosial bakgrunn og/eller sosiale forskjellar påverke fysisk aktivitet? | sosiologi og sosialantropologi / samfunnskunnskap |
Kor aktive er elevane i klassen eller på skulen? | matematikk/naturfag/biologi |
Korleis kan influensarar påverke helsa og aktivitetsnivået til folk? Presenter konkrete døme, og diskuter. | marknadsføring og leiing |
Korleis kan marknadsføring og sal av enkelte produkt påverke helsa og aktivitetsnivået til folk – på godt og vondt? Presenter konkrete døme, og diskuter. | naturfag / marknadsføring og leiing |
Drøft verksemder sitt etiske ansvar knytt til marknadsføring og sal av produkt med lovnader om betre helse. | marknadsføring og leiing |
Drøft ideal om fysisk aktivitet slik det kjem fram i nokre utvalde reklamar. | naturfag / marknadsføring og leiing |
Kva for nokre positive effektar har det å vere ute i naturen? | biologi / reiseliv og språk |
Diskuter kva funksjon fysisk aktivitet kan ha i ein eller fleire religionar. | religion og etikk |
Bruk data frå Statistisk sentralbyrå (SSB) for å studere utviklinga av folkehelsa i Noreg over ein gitt tidsperiode. | matematikk |
Finn ut kor mykje energi du bruker på å springe opp tre etasjar i ei trapp, og samanlikn effekten av musklar under arbeid med effekten av ein panelomn eller eit anna elektrisk apparat. | matematikk/naturfag |
Skriv eit essay om betydninga av fysisk aktivitet. | norsk |
Analyser og/eller samanlikn tekstar om fysisk aktivitet eller friluftsliv. | norsk |
Korleis blir reiselivet påverka av folks helse og aktivitetsnivå? | reiseliv og språk |
Diskuter samanhengar mellom mediebruk og fysisk aktivitet (individuelt og/eller i befolkninga). | mediefag/naturfag |
Kva har sosiale medium å seie for friluftslivsaktivitetar? Presenter konkrete døme, og diskuter. | mediefag |
Drøft ideal om fysisk aktivitet, slik dei er framstilte i utvalde journalistiske saker. | mediefag/naturfag |
Korleis kan design bidra til å auke fysisk aktivitet? | kunst, design og arkitektur |
Korleis kan arkitektur bidra til at folk blir meir aktive? | kunst, design og arkitektur |
Det er mange måtar å utforske ei problemstilling på. De kan til dømes bruke problemstillinga til å gjennomføre eit forskingsprosjekt. I Verktøykassa, i artikkelsamlinga "Metodar i utforsking", finn de konkrete forslag til korleis de kan gjennomføre forskingsprosjektet.
Ein annan måte å utforske ei problemstilling på som kan vere motiverande, er å gjennomføre eit oppdrag. De kan til dømes ta kontakt med lokale bedrifter eller kommunen og høyre kva dei kan trenge hjelp til å finne ut. Viss de ikkje får nokon utanfor skulen til å gi dykk oppdrag, kan de lage oppdrag til kvarandre. La til dømes nokre elevar ta rolla som leiinga i ei bedrift. Desse elevane lagar eit oppdrag som dei andre i klassen skal gjennomføre. Legg opp dette så realistisk som mogleg, med oppdragsbrev, møte med rapportering undervegs i prosessen og ein sluttpresentasjon når oppdraget er avslutta.