Hopp til innhald

Fagstoff

Slik kan du jobbe utforskande

Når du skal lære deg noko, er det viktig å stille spørsmål, utforske og eksperimentere. Då forstår du lettare korleis ting heng saman. Og kanskje kan nettopp det du vel å forske på, gi innsikt i ei problemstilling ingen har tenkt på før! Her er nokre tips til korleis du kan gå fram.

Finn ei problemstilling

Forretningsutviklar skriv på whiteboard-tavle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den viktigaste fasen når du skal utforske noko, er fasen når du skal finne ei problemstilling eller eit spørsmål. Bruk god tid på dette.

Det finst ikkje noko fasitsvar på korleis du kan få fram gode spørsmål, men nokre tips er

  • å byrje å samle på spørsmål med ein gong
  • å få fram idear saman med andre
  • å velje spørsmål og problemstillingar som byrjar med "Kvifor...?"

Når de har samla mange spørsmål og idear, kan de byrje å ta bort dei som ikkje eignar seg så godt for vidare utforsking.

Det er lurt å velje spørsmål som

  • handlar om noko de er interesserte i
  • det er mogleg å finne svaret på med dei moglegheitene de har
  • det ikkje finst svar på allereie

I Verktøykassa på NDLA finn de tips til korleis de i samarbeid kan få fram gode spørsmål og idear.

Foreslå moglege svar på problemstillinga

Forretningsfolk diskuterer over ei teikning på konferansebordet. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å finne svar på problemstillinga blir òg kalla hypotesedanning. Svaret eller hypotesen er eit forsøk på å forklare samanhengen mellom eit fenomen, og kva som er årsaka til fenomenet.

Ein hypotese er det vi trur er forklaringa på eit problem. Vi må undersøke desse forklaringane nærare for å finne ut om dei stemmer eller ikkje.

Viss vi finn ut at ein hypotese ikkje stemmer, kan vi lage nye hypotesar og teste desse. Til slutt klarer vi kanskje å finne ein hypotese som stemmer, men det er ikkje sikkert.

Samle inn data

To jenter samarbeider om målingar til laboratorieforsøk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å finne ut om hypotesane våre stemmer, må vi gjere undersøkingar. I realfaga er det vanleg å gjere eksperiment, men det finst òg andre måtar å gjere undersøkingar på:

  • eksperiment/forsøk
  • observasjonar
  • spørjeundersøkingar

Uansett kva metodar de bruker, må de kunne argumentere for val av metode.

Omarbeid og analyser data

Jente vurderer forskjellige lauvblad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi har samla inn data, sit vi kanskje med mange resultat i form av tal og svar på spørsmål. For å bruke desse til å avgjere om hypotesane våre stemmer eller ikkje, må resultata systematiserast. Då blir det lettare å sjå mønster og samanhengar.

Viss dataa våre er tal og verdiar, kan vi gjere statistiske utrekningar. Viss vi har gjennomført eit intervju, må svara vi har fått bli omarbeidde og grupperte før dei kan analyserast.

Oppsummering og konklusjon

Mannleg elev noterer i notatblokka si under naturfagsforsøk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk resultata dykkar til å styrke, svekke eller forkaste hypotesen. Undersøk om andre har forska på det same som dykk. Kanskje kan de bruke desse resultata i konklusjonen dykkar?

I konklusjonen skal de svare på problemstillinga dykkar.

Presenter det de har funne ut

Elevar held presentasjon for klassen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Siste trinn i prosessen er å vise fram det de har funne ut. Her er det mange moglegheiter:

  • vitskapleg rapport
  • plakat
  • video
  • presentasjon
  • utstilling

Kjelde

Noregs forskingsråd. (2005). Scientiametoden. Henta 21. februar 2020 frå https://www.forskningsradet.no/contentassets/07a56939426c4a63bd05dfe1627812c0/scientia.pdf/

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin og Ragna Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2020

Læringsressursar

Problemstilling og val av metode