Hopp til innhald

Fagstoff

Forskingsetikk

Forskingsetikk handlar om korleis forskarar skal eller bør opptre. Eit grunnleggjande prinsipp er respekt for enkeltmennesket.
Veg som skil seg i ein rett og ein gal retning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ha respekt for individet

Mennesket vi møter, skal vere viktigare enn kunnskap, jamvel om kunnskapen kunne ha komme til nytte. Det kan oppstå etiske konfliktar både undervegs i forskingsprosessen og når vi skal bruke forskingsresultata.

Sentrale etiske prinsipp

Etter å ha formulert problemstillinga som de vil forske på, må de tenkje gjennom om det finst etiske problem knytte til forskingsopplegget. Vi foreslår at gruppa diskuterer om det er teke omsyn til tre sentrale etiske prinsipp:

  1. Ein skal unngå skade eller smerte hos informanten både fysisk, psykisk og materielt.
  2. Ein skal vise respekt for privatlivet til informanten. Informanten har derfor rett til å kontrollere kva for informasjon om privatlivet hans eller hennar som blir gjort tilgjengeleg for andre.
  3. Forskaren skal informere om prosjektet, og informanten skal gi eit fritt og informert samtykke. Dette er bestemt mellom anna for å verne visse samfunnsgrupper som barn, fangar og psykisk utviklingshemma.

Retningslinjer ved publisering

Når ein forskar publiserer funna sine, skal informasjonen behandlast konfidensielt (fortruleg). Som forskar er ein også underlagd teieplikt etter § 13 i forvaltingslova.

Informantane har rett til å bli framstilte som anonyme. Da må ofte også andre opplysningar ein har motteke, for eksempel om personar, stader eller liknande, anonymiserast for å unngå at personen blir gjenkjend. Dette kravet om anonymisering gjer det ofte vanskeleg å etterprøve spesielt kvalitativ forsking.

Relatert innhald

CC BY-NC-NDSkrive av Gisle Andersen. Rettshavar: Holbergprisen i skolen, UIB
Sist fagleg oppdatert 31.01.2019

Læringsressursar

Problemstilling og val av metode