Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ut og forsk!

Vil du forske på samfunnet, seier du? Kom deg ut!
Ein full buss. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag

Oppsøk ein sosial setting og ver der minst ein halvtime. Det kan til dømes vere:

  • ein butikk
  • ein kafé
  • ein buss eller eit tog
  • ein busshaldeplass eller ein togstasjon
  • aulaen til skulen
  • skulekantina
  • skulebiblioteket

Ta med noko å skrive på og med. Du skal observere folks åtferd og sjå spesielt etter:

  • roller
  • normer
  • sanksjonar

De kan observere åleine eller saman med ein eller to andre, men det er viktig at det ikkje blir useriøst og at de ikkje skaper ubehagelege situasjonar for dei som blir observerte. Viss de observerer i ein butikk, kafé, bibliotek eller liknande, bør de be dei tilsette om løyve.

Det kan vere lurt å lese gjennom spørsmåla under før de observerer, slik at de er betre førebudd på kva de bør sjå etter.

Eit siste råd før du går ut:

Mann snakkar i mikrofon. Sitat skrive på biletet: "Remember kids: The only difference between science and screwing around is writing it down." Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etter observasjonen

Svar på spørsmåla.

  1. Korleis løyste du oppgåva? Beskriv kva du gjorde.
  2. Kva roller finst i det sosiale systemet? Bruk omgrep som formelle/uformelle roller der det passar.
  3. Kva for nokre formelle normer er knytte til dei ulike rollene? Korleis kan du sjå dette?
  4. Kva for nokre uformelle normer kan du observere? Prøv å finne nokon slike normer som folk følgjer heilt umedvite. Tips: Normene viser seg gjerne gjennom at mange oppfører seg på same måte i ein situasjon.
  5. Kva slags sanksjonsmoglegheiter finst dersom nokon bryt normene? Skil gjerne mellom formelle og uformelle. Viss du observerte bruk av sanksjonar, kan du bruke dette som døme. Viss ikkje kan du byggje på tidlegare erfaringar eller tenkje deg fram til svaret.
  6. Kan det vere nokon etiske problemstillingar knytt til å observere på denne måten?
  7. Har du nytta ein kvalitativ eller kvantitativ metode?
  8. Kva synest du om oppgåva? Var noko vanskeleg? Fann du ut noko nytt?
  9. Del det de fann med resten av klassen.

Relatert innhald

Normer er reglar som fortel korleis ein skal oppføre seg og handle i ein gitt situasjon.

Ulike metodar høver til å svare på ulike typar spørsmål. Her skal vi sjå på nokre av metodane.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2020

Læringsressursar

Problemstilling og val av metode