Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Feilmarginkalkulator

I staden for feilmargintabell kan du bruke ein feilmarginkalkulator. Der kan du taste inn til dømes storleiken på populasjonen, og så storleiken på utvalet, og så vil kalkulatoren berekne feilmarginen.
To studentar, ein gut og ei jente, som jobbar med ei oppgåve saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Bruk feilmarginkalkulatoren frå Spørreundersøkelser.no og test ut følgjande:

  1. Vel ein populasjonsstorleik på 100 000 menneske og ein utvalsstorleik på 500, og berekn feilmarginen. Kva blir resultatet?
  2. Hald populasjonsstorleiken konstant, varier utvalsstorleiken, og berekn feilmarginen for kvar gong du varierer utvalsstorleiken. Kva skjer med feilmarginen når du varierer utvalsstorleiken?
  3. Gjennomfør deretter fleire kalkulasjonar med ulike utvalsstorleikar, og varier storleiken på populasjonen for kvar utvalsstorleik. Kva skjer med feilmarginen når du varierer storleiken på populasjonen?
CC BY-SASkrive av Leonhard Vårdal.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Problemstilling og val av metode