Hopp til innhald

Fagstoff

Observasjon, intervju eller spørjeundersøking?

Kva metodar kan du bruke når du skal undersøke problemstillingar som har med folks haldningar, tolkingar eller handlingar å gjere?

Etter du har sett filmen

Korleis vil du beskrive dei ulike vala du må ta i løpet av forskingsprosessen?

Kva er forskjellen på kvalitativ og kvantitativ metode?

I kommunikasjon og kultur 3 skal du planlegge, gjennomføre og presentere eit sjølvvalt fagleg emne. Viss du til dømes har valt å utforske eit bestemt kulturuttrykk, slik som bunaden, kan det vere interessant undersøke korleis ulike menneske tolkar eller bruker dette kulturuttrykket. Dette kan du gjere gjennom observasjon, intervju eller spørjeundersøkingar.

Kvalitativ eller kvantitativ metode?

Vi skil mellom kvalitative og kvantitative undersøkingsmetodar. Begge tilnærmingane er gode måtar å hente inn informasjon på, men du må vurdere kva som er best eigna til problemstillinga di. Vel du kvalitative metodar, snakkar du ikkje med så mange informantar, men du går i djupna når du undersøker fenomenet. Denne metoden eignar seg når du vil ha ei meir heilskapleg forståing av eit fenomen.

Vel du kvantitative metodar, som til dømes spørjeundersøkingar på nett, kan du få data frå svært mange informantar, men du går ikkje i djupna. Denne metoden eignar seg til å utforske kor utbreidd eit fenomen er. Du kan òg gjere det som blir kalla metodetriangulering og bruke både kvalitative og kvantitative undersøkingsmetodar. Då kan du både få ei djupneforståing av kva ein fenomen handlar om, og få svar på kor utbreidd det er.

Tre vanlege undersøkingsmetodar som eignar seg til å utforske kultur og kommunikasjon, er dei som er nemnde allereie, nemleg observasjon, intervju og spørjeundersøking.

Observasjon

For å forstå kulturelle fenomen kan det vere viktig å sjå dei i den konteksten dei oppstår og utfaldar seg i. Då er observasjon ein god metode, og dette er ein måte å nærme seg det å forstå kultur på som antropologar har brukt lenge. Du får nokre tips frå antropologifaget om korleis du kan bruke ein slik undersøkingsmetode, i artikkelen "Deltakande observasjon – ulike grader av deltaking".

Intervju

Nokre problemstillingar handlar om korleis folk tenker om, tolkar eller forstår eit fenomen. Då kan ulike typar intervju vere ein god metode. Du kan lese om ulike typar intervjuar i artikkelen "Kvalitative intervjuundersøkingar" og artikkelen "Fokusgrupper og fokusgruppeintervju".

Spørjeskjema

Når du skal nå ut til fleire informantar med dei same spørsmåla, er spørjeskjemaundersøkingar eit nyttig verktøy. Du får mange gode tips til korleis du kan forme ut eit spørjeskjema i artikkelen om spørjeskjema.

En mann og en kvinne ved et bord med bøker, laptop og mobiler. Mannen ser alvorlig på noe på et ordrebrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informantar

Når du har valt forskingsmetode, må du tenke litt over kven du skal gå til for å få svar på problemstillinga di. Desse blir kalla informantar. I artikkelen om val av informantar får du mange gode tips om utval av informantar, anten du gjer ei kvalitativ eller kvantitativ undersøking.

Kva gjer du med materialet du samlar inn?

Uansett om du vel kvalitative eller kvantitative metodar, vil du sitje igjen med eit datamateriale, anten det er notat frå observasjon, lydopptak av intervju eller svar frå ei spørjeundersøking. For å bruke dette materialet til å svare på problemstillinga di bør du omarbeide det for å sjå etter mønster eller tendensar. Du får tips til korleis du kan omarbeide ulike typar innsamla data i artikkelen "Bearbeiding av datamaterialet".

Tenk over / diskuter

Kva metodar trur du ville eigna seg best til å undersøke den følgande problemstillinga? "Kva faktorar påverkar kommunikasjonen mellom lærarar og elevar som har norsk som andrespråk?"

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2022

Læringsressursar

Problemstilling og val av metode