Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eigenvurdering fysisk aktivitet

Når du har gjennomført eit prosjekt, kan det vere lurt å evaluere det. Diskuter dei positive effektane du fekk frå prosjektet og skriv eit refleksjonsnotat der du vurderer korleis det fungerte for deg.
Ungdommar med rullebrett. Fire ungdommar sit med beina oppå to rullebrett. Biletet er teke slik at ein ikkje kan sjå ansikta deira. Fokuset er på beina. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Positive effektar

Oppgåve 2. Eigenvurdering

Beskriv kva du gjorde i prosjektperioden og vurder korleis prosjektet fungerte for deg. Du kan gjennomføre eigenvurderinga på fleire ulike måtar. Det kan til dømes vere

  • eit lydopptak

  • ei digital forteljing

  • eit refleksjonsnotat

  • eit videointervju

Ta gjerne utgangspunkt i hjelpespørsmåla under når du skal vurdere prosjektet:

  • Kor mykje fysisk aktivitet gjennomførte du før prosjektet?

  • Kor mykje fysisk aktivitet gjennomførte du i prosjektperioden?

  • Kva fungerte bra?

  • Kva var dei største utfordringane du møtte på undervegs?

  • Korleis prøvde du å løyse dei utfordringane du møtte?

  • Kva erfaringar frå dette prosjektet kan du ta med deg vidare for å auke den fysiske aktiviteten din? Skriv gjerne nokre konkrete tips til deg sjølv.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen og Cathrine Dunker Furuly .
Sist fagleg oppdatert 24.01.2022

Læringsressursar

Fysisk aktivitet som livsmeistring