Oppgåve
Leggje til rette for indre motivasjon
Vi lærer best når vi er indre motiverte. I staden for å fokusere på å motivere menneske bør vi ifølgje sjølvbestemmingsteorien prioritere å leggje mest mogleg til rette for at dei skal motivere seg sjølve. Men korleis gjer vi det?
Reflekter først individuelt over desse spørsmåla, diskuter deretter i par eller i grupper. Samanfatt til slutt i klassen.
- Kva fordelar og ulemper har ytre kontrollert motivasjon?
- Kva fordelar gir indre motivasjon?
- Kva har motivasjonen din å seie i arbeidet med pasientar og brukarar?
- Kva er viktig å ta utgangspunkt i når du skal planleggje ein aktivitet eller ei oppgåve for brukarar i ulike aldrar slik at dei blir indre motiverte?
Korleis kan de leggje til rette for at pasientar og brukarar skal motivere seg sjølve, altså bli indre motiverte, til å ta vare på eiga helse og livskvalitet? Lag ei liste med stikkord ut frå spørsmåla nedanfor.
- Korleis skape tilhøyrsel?
- Korleis leggje til rette for positive meistringsopplevingar?
- Korleis leggje til rette for sjølvbestemming?
Planlegg, gjennomfør og evaluer ein aktivitet der de jobbar med indre motivasjon.
- Planlegg ein aktivitet for ei pasient- eller brukargruppe. De vel sjølve målgruppe.
- Beskriv i planen kva de som helsefagarbeidarar må gjere for å leggje til rette for indre motivasjon.
- Gjennomfør aktiviteten med klassen.
- Gruppene evaluerer seg sjølve og kvarandre.
Relatert innhald
Fagstoff
Kva er god helse?God helse er nært knytt til opplevinga av livskvalitet og det å meistre sin eigen kvardag.