Hopp til innhald

Fagstoff

Livsstil

Livsstilen vår er eit resultat av kva for val vi har, og kva vi vel. I den vestlege verda er livsstilen til menneska prega av at vi har mange moglege val. Desse ulike valmoglegheitene påverkar oss.
Ei kvinne syklar på ein veg langs eit vatn. Det er eit stort tre ved vatnet, og i framgrunnen av biletet er det grønt gras. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi tek ei rekkje val kvar einaste dag. Veit du at nokre av vala dine kan føre til at du får dårlegare helse? Er du oppteken av kva som gir deg god helse?

  • Vi kan velje å ha eit sunt eller eit mindre sunt kosthald.
  • Vi kan i mange tilfelle velje om vi vil vere fysisk aktive. Vi kan gå eller sykle til skulen eller ta bussen. Vi kan velje å gå tur eller drive idrett, men vi kan òg velje å la vere.
  • Vi har tilgang på ulike rusmiddel og tobakk, men vi kan velje å ikkje bruke slikt.
  • Mange jobbar mye og er opptekne av status og karriere. Andre prioriterer familie og fritid. Òg her kan vi velje.

Mange vil innvende at det ikkje er så enkelt å velje i alle desse tilfella. Ein må ha ein jobb, og ein må ete òg når ein ikkje har tid til å lage sunn mat. Dette er sjølvsagt riktig, men i mange tilfelle har vi høve til å velje. Og då er det viktig å vite at vala vi gjer, har konsekvensar for helsa vår.

Som yrkesutøvar innan kokk- og servitørfag er det viktig at du viser respekt for vala til andre. Det finst som regel ein medviten eller umedviten grunn til alt vi gjer. Ei fordømmande haldning fører sjeldan fram viss du ønskjer å hjelpe. God og riktig informasjon er naudsynt for at brukaren skal kunne ta gode val. Rettleiing kan og vere nyttig.

Eigenomsorg

Eigenomsorg handlar om korleis vi tek vare på oss sjølve. God helse er ikkje noko ein er fødd med eller automatisk kan rekne med å berge heile livet utan eigeninnsats. Dei fleste nordmenn har høve til å velje korleis dei vil leve. Livsstilen din kan faktisk ha mykje å seie for kor gammal du kjem til å bli! Stadig blir det lagt fram forsking om kva for faktorar som har positiv og negativ innverknad på helsa. For å kunne ta gode val er det viktig at vi får tak i informasjon og blir medvitne om moglege problem. Barn og unge må lærast opp.

Ekstreme utslag

Det blir òg rekna som ein livsstil å vere ekstremt oppteken av å leve rett. Enkelte blir sjølvsentrerte og innsnevra i tankegang og interesseområde. Mat, trening, vekt, muskelmasse og prestasjonar får eit altfor stort fokus. Ved å forsake godsaker, avslå tid til sosialt samvære og trene til alle tider på døgnet kan ein faktisk gå i motsett grøft.

Enkelte nyttar medikament i tillegg for å få auka muskelmasse og uthald. Dette kan vere direkte helseskadeleg. Belastningslidingar på grunn av overtrening, eteforstyrringar, rastløyse og usosial livsstil kan føre til stressliknande tilstandar i kroppen. Det er viktig å finne ein balanse mellom aktivitet og kvile. Det er heilt ok å unne seg god mat og drikke sjølv om ein vil leve sunt. Det er ikkje uheldig til dømes å ete feit mat og alkoholhaldig drikke i ny og ne.

Dømet Gunn

Gunn droppar frukosten. Ho tek buss til og frå skulen. I første friminutt kjøper ho muffins og brus i kantina. Det er meir freistande enn salat, brød og mjølk. Som skuleelev sit ho i ro ved pulten mesteparten av dagen. På heimvegen kjøper ho seg ein hamburgar og er derfor ikkje særleg svolten når ho kjem til familien sitt middagsmåltid. Ho liker å halde på med stillesitjande aktivitetar som TV-titting og PC utover kvelden.

Pappbeger med brus og ein tallerken med hamburger med pommes strips og tortillachips. Det er strødd popkorn rundt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dømet Karl

Karl tek seg tid til å ete frukost som held han mett ut over formiddagen. Han smørjer niste som inneheld brød med ost, leverpostei og grønsaker. Han kjøper kald, frisk mjølk og ei frukt i kantina. Han er òg skuleelev og sit mykje i ro om dagen, men vel å gå eller sykle til og frå skulen. Mosjonen gir energi så han føler seg opplagt. Til middag passar han på å få i seg rikeleg med grønsaker og fisk. Om kvelden er han saman med vener.

To skriver grovbrød på ein tallerken, ei med kvitost og paprika og ei med brunost. Bak står det ein kopp kaffi og eit glas mjølk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Tove Bostad.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Kosthald og helse