Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ernæring og nøkkelråd

Kva maten inneheld, og kva næringsstoffa bidreg med i kroppen vår, er viktig kunnskap. I denne oppgåva skal du fordjupe deg i ernæring og nøkkelråd.
Nokre vanlege råvarer ligg på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På restaurant- og matfag vg1 lærte du ein del om kva næringsstoff som finst i maten. Her skal du vise det du har lært, og setje saman menyar som er tilpassa nøkkelråda.

Denne oppgåva kan vere anten ei gruppeoppgåve eller ei individuell oppgåve. Elevane kan svare på oppgåva ved å lage til dømes ei veggavis, plakatar eller ein PowerPoint-presentasjon.

Oppgåve 1

Skriv litt om dei energigivande næringsstoffa, vitamin og mineral.

  • Kor stor del bør dei utgjere av den daglege kosten?

  • I kva matvaregrupper finn vi mest av dei?

  • Kva tilfører dei kroppen vår?

Oppgåve 2

Nemn alle dei tolv kostråda. Sett deg inn i eit råd du synest er ekstra viktig, og grunngi kvifor.

Oppgåve 3

Lag ein dagsmeny med måltid som frukost, lunsj, middag og kveldsmat. Tenk at du skal ha ein variert kost, og at du skal følgje flest mogleg kostråd.

Oppgåve 4

Finn oppskrifter og lag bestilling på råvarer til eit av måltida frå oppgåve 3. Måltidet skal lagast på kjøkkenet og presenterast på ein buffé. Måltidet skal innehalde både mat og drikke.

Presenter måltidet for resten av klassen, og lat dei få smake.

Tre unge jenter sit saman og et lunsj. På bordet er det brød, pålegg, yoghurt, frukt og grønt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2021

Læringsressursar

Kosthald og helse