Treng vi kosttilskot?
Lag eit skjema med fem til ti spørsmål de vil finne svar på. Spørsmåla kan handle om
haldningar til kosttilskot
ulike typar kosttilskot
utgifter til kosttilskot
Det bør òg vere med innleiande spørsmål om alder, kjønn, utdanningsprogram og andre faktorar de ønsker å bruke for å samanlikne resultata.
Gjennomfør undersøkinga i to eller fleire klassar på skulen slik at de kan samanlikne resultata de får. Informer deltakarane om at det er frivillig å delta, og om korleis de vil behandle informasjonen de får inn.
Er det nokon forskjell på klassar ved ulike utdanningsprogram?
Er det variasjon i svara mellom klassar med ulik samansetjing av kjønn?
Gjennomfør den same undersøkinga blant dei tilsette på skulen. Korleis er resultata i denne gruppa samanlikna med svara frå elevane?
Presenter resultata dykkar i klassen saman med ein digital plakat med forslag til måltid som kan gi naturleg tilskot av dei ulike vitamina og minerala.
Relatert innhald
Matvarene blir delte inn i grupper etter som kva slags næringsstoff dei inneheld og type matvare det er.
Her får du ei oversikt over dei mest kjende næringsstoffa, kva hovudfunksjonar dei har, og kva matvarer som er gode kjelder.