Hopp til innhald

Fagstoff

Målsetjing og motivasjon

Når du skal trene, er det viktig å ha eit mål. Det er enklare å gjennomføre treninga dersom målet er noko som motiverer deg.
To ungdomar joggar ned ei trapp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du skal trene, er det lurt å tenkje gjennom kva som er formålet med å trene, og kvifor du gjer dette. Det finst mange ulike typar målsetjingar, men det viktigaste er at du finn noko som passar akkurat deg.

Her skal vi sjå på to ulike typar målsetjingar.

Prestasjonsmål

Eit prestasjonsmål er eit mål der hensikta er å auke prestasjonen, det vil seie at du ønskjer å bli betre i noko. Det kan vere at du ønskjer å springe raskare eller lengre, at du vil hoppe høgare, eller at du vil løfte tyngre og dermed bli sterkare.

Døme på prestasjonsmål er å

  • springe 3 000 meter på 10 minutt

  • løfte 80 kilo på i benkpress

Aktivitetsmål

Har du eit aktivitetsmål, er du meir oppteken av å kome i gang med trening eller halde ved like treninga du allereie er i gang med. Du er ikkje så oppteken av å bli sterkare eller å springe raskare. Det er i staden viktigare for deg å vere i fysisk aktivitet, røre på kroppen og gjere noko som gir deg overskot, glede og energi i kvardagen.

Døme på aktivitetsmål er å

  • trene tre økter i veka

  • trene med høg intensitet minst éin gong i veka

  • trene ute minst to gonger i veka

Langsiktige og kortsiktige mål

Du kan setje deg både langsiktige og kortsiktige mål, og dette kan vere både prestasjonsmål og aktivitetsmål.

Langsiktige mål

Eit langsiktig mål er eit mål du skal nå om ei stund. Det kan dreie seg om målsetjingar frå tre månader og opptil fleire år fram i tid.

Eit langsiktig prestasjonsmål kan dreie seg om ein konkurranse du skal delta i der du ønskjer å prestere best mogleg. Kanskje er målet ditt å springe halvmaraton eller 10 kilometer på ei bestemd tid. Sjølv om målet ditt er knytt opp mot ein bestemd konkurranse, er fokuset likevel på eigne prestasjonar og ikkje på dei andre deltakarane.

Eit langsiktig aktivitetsmål kan dreie seg om å få betre helse, regulere vekt, ete sunnare, trene meir eller å klare å få inn fysisk aktivitet som ein del av kvardagen. Alle desse måla handlar om at du må endre på vanane dine, og det tek tid. Du må rekne med både veker og månader før du har klart å endre ein vane og det du vil endre blir ein naturleg del av livet ditt. Akkurat kor lang tid det tek, avheng av kva du skal endre og der du er i forhold til målet ditt før du startar.

Kortsiktige mål

Alle som har eit langsiktig mål, bør òg setje seg kortsiktige mål. Då er det enklare å nå det langsiktige målet. Dei kortsiktige måla vil hjelpe deg på vegen mot det eigentlege målet ditt. Det er òg meir motiverande å ha kortsiktige mål. Då kjennest ikkje vegen riktig så lang, og du kan sjå framgang undervegs. På denne måten blir eit kortsiktig mål eit slags delmål på vegen mot det langsiktige målet. Er det langsiktige målet veldig langt framme, bør du ha fleire delmål.

Det går òg an å ha kortsiktige mål utan å ha eit langsiktig mål. Eit kortsiktig prestasjonsmål kan vere å bli sterkare i ei bestemd øving eller springe raskare på ein bestemd distanse i løpet av ein månad eller seks veker.

Eit kortsiktig aktivitetsmål kan vere å vere i aktivitet minst to gonger per veke i løpet av ein månad.

Motivasjon

Uansett målsetjing er det viktig at du er motivert for å setje i gang. Om du ikkje har ein motivasjon for å kome i gang, er det fort gjort å gi opp før du i det heile har fått starta. Du må finne ut av kva du liker å gjere av aktivitetar og setje deg eit mål ut ifrå det. Om du har sett deg eit mål som du verkeleg ønskjer å nå, vil du kanskje òg oppleve at du får ein auka motivasjon, ein ny energi, for å nå målet ditt. Målsetjing og motivasjon heng med andre ord nøye saman, og det eine kan påverke det andre.

På nettsidene til Sunn idrett, som blir drive av Norges idrettsforbund, kan du lese meir om motivasjon: Hverdagsmestring i et prestasjonsmiljø: Motivasjon – hva er ditt hvorfor? (sunnidrett.no).

Tenk etter
  • Kva er det som gjer at du får lyst til å trene?

  • Kva aktivitetar liker du å drive på med?

  • Kva mål vil du setje deg?

Under kan du sjå ein film frå NRK Skole som fortel meir om det å setje seg mål.

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2021

Læringsressursar

Treningsplanlegging