Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Planlegg helsefremjande trening, vg2

No er det tid for at du skal fordjupe deg i temaet helse og fysisk aktivitet. Du skal òg planleggje ein periode med helsefremjande trening.
Tre personar syklar i skogen på ei kavlebru. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førebuing – tenk etter

  1. Kva er helse for deg? Tenk deg om og bruk dine eigne ord til å forklare det.

  2. Professor Peter F. Hjort har laga denne definisjonen på helse: "God helse har den som har evne og kapasitet til å mestre og tilpasse seg livets uunngåelige vanskeligheter."

    Verdshelseorganisasjonen (WHO) definerte i 1948 helse som
    "en tilstand av fullstendig fysisk, psykisk og sosialt velvære og ikke bare fravær av sykdom eller lidelser".

    Korleis forstår du desse definisjonane?

  3. Les artikkelen om fysisk aktivitet eller sjå filmen. Svar deretter på spørsmåla.

    NDLA: Fysisk aktivitet

  • Korleis kan fysisk aktivitet bidra til god fysisk og psykisk helse?

  • Kva betyr det at ein aktivitet er helsefremjande?

  • Korleis kan treninga di vere helsefremjande for deg i denne perioden?

Planlegging – planlegg treninga di sjølv

Planlegg trening for ein periode på tre–fire veker. Ta utgangspunkt i aktivitetar du liker, det skal vere meiningsfullt og helsefremjande for deg med utgangspunktet ditt. Minst to av desse øktene skal du gjennomføre på skulen.

  • Sett deg eit mål for perioden. Les meir om dette på sida Målsetting og motivasjon (ndla.no).

  • Lag ein periodeplan der du får med aktiviteten du har valt, treningsmetode, intensitet og varigheit på øktene. Bruk gjerne malen nedst på denne sida.

  • Når du har planlagt perioden, skal du velje ut ei av øktene i periodeplanen din og planleggje denne meir detaljert i ein øktplan.

Gjennomføring – gjennomfør treninga du har planlagt

  • Gjennomfør treninga du har planlagt.

  • Minst to av øktene gjennomfører du i timane på skulen. Resten av øktene trener du på eiga hand, gjerne saman med vener.

Refleksjon del 1 – reflekter i gruppe

Diskuter spørsmåla under.

  • Kva er helse for dykk?

  • Korleis kan fysisk aktivitet bidra til god fysisk og psykisk helse?

  • Kva betyr det at ein aktivitet er helsefremjande?

  • Korleis har treninga dykkar vore helsefremjande denne perioden?

  • Kva har vore det beste med denne perioden?

  • Kva må de gjere for å ha ein helsefremjande livsstil når de har avslutta skulen og er i arbeidslivet? Kom gjerne med konkrete forslag basert på erfaringar de har gjort dykk i denne perioden.

Refleksjon del 2 – reflekter og lever

Lag ei innlevering der du reflekterer over spørsmåla frå førebuingsdelen og frå grupperefleksjonen. Du kan velje om innleveringa skal vere ei lydfil eller eit skriftleg dokument. Vel det som best får fram kompetansen din.

Filer

Kjelder

Brønstad, A., Hoem, N. F. & Volden, M. (2016). Helse: Vg1 helse og oppvekstfag (3.utg). Gyldendal.

Regjeringen. (2014, 16. desember). Verdens helseorganisasjon. https://www.regjeringen.no/no/tema/helse-og-omsorg/innsikt/internasjonalt-helsesamarbeid/innsikt/verdens-helseorganisasjon-who/id435126/

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 04.10.2021

Læringsressursar

Treningsplanlegging