Presenter ei treningsøkt
Gjennomfør økta du har planlagt. Bruk mobiltelefonen til å ta bilete og video av deg sjølv mens du trener.
Ta minst fem bilete undervegs i økta.
Film deg sjølv:
Viss du trener styrke: Lag ein kort treningsvideo til kvar øving (30–60 sekund).
Viss du trener uthald: Lag fem korte treningsvideoar av deg sjølv i aktivitet (30–60 sekund).
Det finst mange ulike verktøy som du kan bruke for å presentere innhaldet ditt visuelt og multimedialt. Når du skal setje saman tekst, bilete og video, kan du sjølv velje eit eigna program.
Vi har brukt presentasjonsverktøyet Sway for å vise deg korleis ein digital presentasjon av eigentrening kan sjå ut. Du kan gjerne teste ut Sway, du òg!
Lag ei overskrift og ei innleiing der du får med treningsmetode og målet for økta.
Last opp bilete og videoar, og legg dei inn.
Skriv tekst til kvar video. Først skriv du eit avsnitt om øvinga: Kva går ho ut på? Så skriv du eit avsnitt der du reflekterer: Korleis var det å gjennomføre øvinga? Kva gjekk bra, og kva gjekk ikkje så bra? Kvifor / kvifor ikkje?
Til slutt skriv du ei kort oppsummering. Nådde du målet ditt? Kvifor / kvifor ikkje?
Når du er fornøgd, kan du dele presentasjonen med læraren din.
Relatert innhald
Vil du bli flinkare til å lage visuelt, multimedialt innhald for skjerm? Her får du tips til eit konkret verktøy.