Planlegg trening, vg1
Planlegg 15–20 minutt oppvarming til ein sjølvvald aktivitet. Planlegg både generell og spesiell oppvarming. Hugs at oppvarminga skal vere retta mot det du skal gjere etterpå. Ta utgangspunkt i ressursane om oppvarming under når du planlegg. Bruk gjerne malen for oppvarming som du finn nedst på denne sida.
NDLA: Kvifor er oppvarming viktig?
Planlegg ei økt på 60 minutt. Økta skal innehalde oppvarming, hovuddel og avslutning. Du vel sjølv kva du skal trene i hovuddelen. Hugs å få med eit mål for økta og at målet skal vere tilpassa deg. I tillegg skal det du gjer i både oppvarminga, hovuddelen og i avslutninga vere retta mot målet ditt. Forklar godt kva du skal gjere, korleis du skal gjere det, og kvifor du skal gjere det. Når du forklarer godt, viser du kva slags kompetanse du har om oppvarming, og korleis du klarer å omsetje teorien til praksis.
Bruk ressursane under for å utforme planen. Bruk gjerne øktplan-malen du finn nedst på sida "Korleis planleggje trening?".
NDLA: Korleis planleggje trening?
NDLA: Målsetjing og motivasjon