Hopp til innhald
Fagartikkel

Kvifor er oppvarming viktig?

Det er velkjent at oppvarming kan førebyggje skadar. Med oppvarming blir musklane og senene smidigare, og kroppen får tid til å førebu seg fysisk og psykisk på aktiviteten som kjem. Oppvarming aukar også rørsleutslaget, slik at teknikken blir betre.

Fysisk og psykisk førebuing

  • Muskelarbeidet blir meir koordinert og samstemt. Det fører til at prestasjonane betrar seg etter ei god oppvarmingsøkt.
  • Oppvarming skjerpar sansane. Nerveimpulsar og meldingar frå hjernen til muskulaturen går raskare. Vi reagerer og oppfattar fortare, og vi kan dermed røre oss fortare.
  • og aukar. Kroppen jobbar meir og produserer dermed også meir varme.
  • Under ei god oppvarming stig temperaturen frå 37 ºC til 38–39 ºC. Då skjer det mange kjemiske endringar i kroppen. Blod og vevsvæske flyt lettare. Oksygen og ulike næringsstoff blir transportert raskare gjennom blodbanen og ut til muskulaturen.
  • Under fysisk aktivitet skil kroppen ut eit hormon som heiter endorfin. Dette verkar smertestillande og gjer oss oppstemte og glade, og motivasjonen aukar som følgje av dette.

Alle desse faktorane gjer at prestasjonsevna aukar.

Skadeførebyggjande

  • Når blodsirkulasjonen aukar, blir musklar, bindevev og sener meir smidige. Dette gjer at du også får eit større .
  • Hugs at jo høgare intensitet det er på hovuddelen, jo viktigare er det med god oppvarming.

Store hastigheitsendringar på musklar, sener og bindevev kan føre til strekk dersom du ikkje har varma opp skikkeleg. Derfor bør du bruke lengre tid på oppvarming til konkurranse og harde treningsøkter enn det du gjer før ei vanleg trening.

CC BY-SA 4.0Skrive av Oddbjørg Vatn Slapgaard, Jan Bolle, Kolbjørn Ekker og Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2019