Kroppsøving (vg1)
Fysiske og koordinative eigenskapar
Uthald, styrke og rørsleevne er fysiske eigenskapar som betyr noko for prestasjonen i idrettssamanheng, men det er òg eigenskapar som påverkar helsa vår.
I denne delen får du vite meir om desse eigenskapane, om oppvarming og om dei koordinative eigenskapane.
Rørsleevne
Her skal du få ei kort innføring i kva rørsleevne er. Kva er det som gjer at somme er slangemenneske, mens andre har meir avgrensa rørsleevne?