Hopp til innhald

Fagstoff

Podkast om friluftsliv

I podkastserien Kva veit eg? møter komikaren Jonis Josef ulike fagfolk til ein samtale om eit aktuelt tema. I denne episoden møter han eventyraren Randi Skaug.

I denne episoden er det eventyraren og forfattaren Randi Skaug som er gjest. Randi har vore mykje på tur, både korte og lange turar. Ho var den første norske kvinna på Mount Everest, og ho har vore på "Seven Summits", altså vore på det høgaste fjellet på kvart av dei sju kontinenta. No er ho mest oppteken av å dra på turar i Noreg.

Viss du har behov for det, finn du òg ein transkribert versjon, altså ein tekst av det som blir sagt i podkasten.

Programleiar Jonis Josef poserer framfor eit mikrofonstativ. Han smiler og ser imøtekommande ut. Foto.
Kva veit eg?

Friluftsliv

Kva er eigentleg friluftsliv? Kva er det som er så fint med å vere ute? Kva skjer i kroppen når vi er ute i naturen? Korleis kan ein bli glad i å vere ute? Dette og meir vil du få svar på om du lyttar...

0:00
-0:00
CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2022

Læringsressursar

Naturferdsel