Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Kjemp mot rasisme i sosiale medium

Mange menneske blir utsette for rasisme og grov hets i sosiale medium. Korleis kan du bruke stemma di for å motverke og forhindre rasisme og diskriminering? I denne oppgåva skal du vise at du er imot rasisme i sosiale medium.
Mørkhuda mann sit åleine og ser på ein mobiltelefon. I bakgrunnen er ei gruppe med fleire personar samla. Foto.

Har du blitt utsett for rasistiske ytringar i sosiale medium? Rasisme kan få store konsekvensar. Det kan føre til frykt, usikkerheit og angst. Rasistiske ytringar i sosiale medium kan òg skape utfordringar for demokratiet vårt: Dei kan føre til at færre menneske torer å seie noko offentleg, fordi dei er redde for konsekvensane.

Det er viktig å vere klar over at straffelova forbyr diskriminerande eller hatefulle ytringar overfor andre menneske på grunn av hudfargen deira eller det nasjonale eller etniske opphavet deira. Grove, hatefulle eller diskriminerande ytringar kan straffast med bøter eller fengsel.

Ytringsfridommen er eit effektivt middel i møte med uønskte og ekstreme ytringar. Ved å seie frå og kjempe mot diskriminering og rasistiske ytringar kan du påverke mange menneske.

1. Undersøk og reflekter over rasisme i sosiale medium

Søk i ulike sosiale medium, og reflekter over spørsmåla i små grupper.

  1. Finn de døme på rasistiske ytringar? Kva kan vere konsekvensane av slike ytringar?
  2. Kva kan de gjere for å forhindre rasisme i sosiale medium?
  3. Kvifor er det viktig at de, som unge mediebrukarar, viser at de er imot diskriminering og rasistiske ytringar i sosiale medium?

2. Individuell oppgåve: Utfør eit praktisk arbeidsoppdrag

Korleis kan du bruke stemma di og kjempe mot rasisme i sosiale medium? Lag eit innlegg mot rasisme.

  • Lag eit innlegg som skal publiserast på ein av dei sosiale mediekanalane du bruker mykje, til dømes Snapchat, TikTok eller YouTube.
  • Ver bevisst på korleis du kommuniserer. Det er viktig at bodskapen kjem tydeleg fram.
  • Bruk visuelle element og verkemiddel som treffer målgruppa, og som er relevante for den sosiale mediekanalen du har valt.
  • Målet er at innlegget skal setje søkjelyset på korleis unge menneske kan kjempe mot rasisme og diskriminering.

3. Vis kvarandre innlegg, og svar på spørsmål

  • Kva for nokre visuelle element er nytta, og korleis fungerer verkemidla?
  • Korleis kjem bodskapen fram?
  • Kven er målgruppa, og på kva måte treffer innhaldet målgruppa?
  • Kva påverknadskraft har dette innlegget?

4. Presenter innlegget ditt for resten av klassen

Få klassen til å reflektere over desse spørsmåla:

  • Korleis påverkar innlegget elevar i klassen?
  • Korleis kan eit inkluderande skulemiljø med fokus på dialog og mangfald forhindre rasisme og diskriminering?

Relatert innhald

Rasisme kan få store konsekvensar for både enkeltindivid, grupper og samfunn. Det er viktig at media set søkjelyset på ulike former for rasisme.

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2021

Læringsressursar

Rasisme