Hopp til innhald

Fagstoff

Stereotypiar, fordommar og rasisme

Kva er stereotypiar, og korleis heng dei saman med fordommar og rasisme?
Ei rekke forskjellige jobbsøkarar der éin blir føretrekt basert på fordommar. Illustrasjon.

Stereotypiar

Stereotypiar er kategoriseringer av menneske eller grupper av menneske som har enkelte fellestrekk. Gjer eit nettsøk der du skriv orda "jenter er" eller "veganarar er", og sjå korleis søkemotoren fyller ut desse fråsegnene basert på kva andre har søkt etter. I desse fråsegnene er grupper av menneske gitt visse karakteristikkar – dei er "plasserte i båsar".

Å plassere ting i båsar kjem av ei naturleg evne og trong vi har til å kategorisere objekt i ei kaotisk verd. Utan denne mekanismen måtte vi til dømes ha gjort ei grundig vurdering kvar gong vi støtte på ein katt: Dette objektet har fire bein. Er det ein stol, eit bord eller ein katt? Når vi har sortert eigenskapar på førehand, som fire bein saman med pels, hale og spisse øyre i kategorien "katt", bruker vi kategorien automatisk når vi møter på individ som har disse eigenskapane.

Stereotypiar er dessverre ikkje like uskuldige som dømet med pelsdyret over. Ofte er desse stereotypiane negative og kopla til nasjonalitet, kjønn, religion eller etnisitet, og dei glir då over i det vi kallar fordommar.

Det er derfor viktig å vere kritisk til stereotypiske oppfatningar du har om ei gruppe menneske når du møter einskildmenneske frå denne gruppa. Det er viktig å ha ei open innstilling og vere førebudd på å stille spørsmålet: Stemmer stereotypiane?

Tenk over / diskuter

Har du hatt stereotypiske oppfatningar om ei gruppe menneske, som har endra seg i møte med einskildmenneske frå gruppa?

Fordommar

Fordommar er førehandsdommar som ofte rammer grupper du sjølv ikkje er medlem av, og som er basert på stereotypiske oppfatningar om desse gruppene. Dersom vi har fordommar om andre grupper av menneske, er vi ikkje villige til å endre oppfatning om dei, sjølv om vi møter menneske som utfordrar desse oppfatningane. Dette er ei haldning som gjer kommunikasjon og mellommenneskeleg forståing vanskelegare.

Plakat og raudt hjarte med tekst som fordømmar terrorisme og rasisme. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fordommar, minoritetar og majoritetar

Fordommar blir gjerne brukte for å skilje "oss" frå "dei andre". Det gjer at vi gjerne vurderer einskildståande handlingar som "bevis" for fordommane vi har om ein annan kultur.

Dersom vi høyrer om ein mann frå ein minoritet som slår kona, er det lett å seie at mishandlinga er "ein del av kulturen hans". Dersom ein mann frå majoritetskulturen gjer det same, har vi lettare for å forklare dette ut frå individuelle personlegdomstrekk: Han slår kona "fordi han har problem" eller "fordi han er ei bølle".

Psykologen Peter Watson har vist at vi menneske har ein stadfestingstendens når vi fortolkar fenomen i verda. Dette betyr at vi legg meir merke til eller søker etter det som stadfestar oppfatningar vi allereie har. Derfor vil handlingane til minoritetsmannen bli lagde merke til som eit bevis på at slik mishandling er vanleg i gruppa han høyrer til. Handlingane til den bøllete majoritetsmannen blir derimot sett på som eit einskildståande unntak frå "normalen".

Tenk over / diskuter

Har du opplevd at handlingane til ein medlem av ei minoritetsgruppe blir brukt til å bevise fordommar mot gruppa?

Demonstrasjonstog med folk som held plakatar med slagord og portrett av George Floyd. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rasisme

Rasisme kan forklarast som "... idéen om at det finnes ulike raser eller etniske grupper som har ulike egenskaper, og at disse forskjellene legitimerer negativ forskjellsbehandling" (frå nettsida til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Les meir om den historiske bakgrunnen for desse idéane i artikkelen Kulturskildringa og vitskapleg rasisme.

Ifølge boka Hva er rasisme? av forfattarane Cora Alexa Døving og Sindre Bangstad (Universitetsforlaget, 2015) har rasisme desse tre viktige kjenneteikna:

  • å dele inn ei befolkning i ulike kategoriar der nokon blir gitt negative essensielle trekk
  • å redusere identiteten til eit individ til dei gitte negative karaktertrekka for ein kategori
  • å bruke dei negative karaktertrekka som argument for underordning og diskriminering

Makt og strukturell rasisme

Rasisme heng òg saman med makt. Dette handlar om at dei rasistiske handlingane til ein majoritet har heilt andre konsekvensar enn det har hos ein minoritet, på grunn av dei ulike maktposisjonane desse har i samfunnet.

I Noreg er alle grupper likestilte og beskytta mot rasisme gjennom lovverket, men det er framleis mange som opplever usynlege strukturar i samfunnet som fører til diskriminering av menneske med bakgrunn i etnisitet. Eit døme er at jobbsøkarar med utanlandske namn har lågare sannsyn for å bli kalla inn til intervju. Denne forma for diskriminering kallar vi strukturell rasisme. Strukturell rasisme gjer at minoritetsgrupper kan oppleve hindringar som andre delar av befolkninga ikkje opplever, sjølv om diskrimineringa ikkje er aktivt og medvite utført av enkeltpersonar.

I filmen under kan du lære meir om desse ulike typane rasisme og høyre om opplevingane til fleire ungdommar med rasisme.

Tenk over / diskuter

Korleis vil du forklare omgrepa subtil rasisme, etnisk profilering og framandgjering etter å ha sett filmen?

Ein utvida rasismedefinisjon

Å forskjellsbehandle på grunn av hudfarge er like ulogisk som å forskjellsbehandle på grunn av augefarge. I dag er det meir alminneleg å grunngi forskjellsbehandling i kultur, språk og religion. Derfor meiner mange at kultur er vår tids raseomgrep. Definisjonen til store norske leksikon på rasisme tek høgd for dette:

I dag brukes begrepet rasisme også i vid betydning om flere former for etnisk diskriminering som ikke nødvendigvis bygger på forestillingen om «menneskeraser», men som også skjer på basis av andre kjennetegn som nasjonalitet, utseende, kultur eller religion.

(Skorgen et al., u.å.)

Korleis heng desse tre fenomena saman?

Fordommar og stereotypiar kan likne mykje på kvarandre, men den viktigaste forskjellen er at medan stereotypiar er ei tru eller ei oppfatning som heile tida kan forandrast, er fordommar ei haldning som er fastlåst for endringar. Fordommar har derfor ein negativ klang. Vi kan òg enkelt seie at alle fordommar er stereotypiar, men ikkje alle stereotypiar er fordommar.

Stereotypiar og fordommar legg slik grunnlaget for rasisme, sidan rasisme bygger på fastlåste negative karakteristikkar av ei gruppe menneske.

Tenk over / diskuter

Korleis kan vi bruke kunnskapen om stereotypiar og fordommar til å kjempe mot og førebygge rasisme?

Kjelder

Dahl, Ø. (2001). Møter mellom mennesker: interkulturell kommunikasjon. Gyldendal.

Døving, C.A., & Bangstad, S. (2015). Hva er rasisme? Universitetsforlaget.

Svartdal, F. (2020, 14. april). fordom – psykologi. I Store norske leksikon. https://snl.no/fordom_-_psykologi

Nustad, P. & Syse. H. (u.å.). Rasisme og andre uttrykk for gruppefiendtlighet. Dembra.no. Henta 18. november 2020 frå https://dembra.no/no/utema/rasisme-antisemittisme-og-annen-gruppefiendtlighet/?fane=om-temaet&trekk=1#anchor-2

Skorgen, T., Ikdahl, I. & Berg-Nordlie, M. (2020, 21. oktober). rasisme. I Store norske leksikon. https://snl.no/rasisme

Svartdal, F. (2019, 17. desember). stadfestingstendens. I Store norske leksikon. https://snl.no/bekreftelsestendens

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2020

Læringsressursar

Rasisme