Kvitleik og kvite privilegium
Tenk over/diskuter
Kva tenkjer du at omgrepet "rase" betyr?
Blir identiteten til kvite menneske definert av hudfargen på same måte som brune og svarte?
Rase er eit omstridd omgrep, og biologisk sett gir det ikkje meining å skilje mellom menneskerasar, fordi det er for store genetiske likskapar mellom oss. Likevel er rase eit omgrep vi treng for å diskutere rasisme. Her betyr rase ein måte å sjå på menneske på som rangerer dei i eit hierarki, der dei som har maktposisjonen til å rangere andre, tronar på toppen.
Tanken om at kvite er overlegne heng saman med historia, og han er tydeleg i korleis dei europeiske kolonistane omtalte menneske i landa dei "oppdaga", som primitive og usiviliserte. Med globaliseringa har fleire menneske med ulik hudfarge busett seg Europa, og den same rasismen som kolonitida er basert på, levde vidare i heimlanda til koloniherrane.
Sjølv om veldig få menneske i Noreg i dag ville sagt at kvite menneske er betre enn brune, heng likevel førestillinga om kvit overlegenheit igjen i umedvitne kategoriar og stereotypiar i samfunnet. Kvitleik som ideal har kome til uttrykk i reklame, kunst og mote, og det blir vidareført som ein idé som blir teken for gitt og er underforstått. Kulturelle førestillingar som vi tek for gitt på denne måten, kan kallast ideologiar, og det er viktig å undersøke desse ideologiane slik vi kan ta stilling til dei.
Det er derfor vi må snakke om kvitleik, og kva slags idéar som er knytte til kvitleik.
Tenk over/diskuter
"Det å vere norsk er forbunde med å vere kvit" – diskuter påstanden, stemmer dette?
Antropologen Thomas Hylland Eriksen beskriv korleis kvitleik ikkje blir lagt merke til i samfunn som det norske:
Hvithet, og i særdeleshet mannlig hvithet, er usynlig, umarkert, en identitet som ikke oppfattes som en identitet, men som en universell målestokk.
(Eriksen, 2020)
Både hankjønn og kvitleik har fungert som symbol på sjølve mennesket i vestleg kultur. Dette er reflektert i språket, der "mann" ofte får betydinga menneske: nordmann, formann, ombodsmann. Etter kvart som vi har vorte meir opptekne av likestilling og språk, har vi erstatta mange slike ord med meir kjønnsnøytrale ord. Eit døme er at "fylkesmann" no heiter "statsforvaltar". På same måten må vi erstatte idéen om kvitleik som det universelle mennesket med idéen om mennesket som rommar heile spekteret av hudfargar.
Kvitleik definerer deg ikkje
Dette handlar til dømes om at viss du er kvit, er ikkje hudfargen din det første folk beskriv når dei skal samanfatte kven du er. Kvitleik er sett på som så normalt at det ikkje blir rekna som relevant når du skal forklare kven du er. Dette er på ein måte naturleg, sidan majoriteten i Noreg lenge har hatt lysare hud.
Diskriminering
På den andre sida må vi reflektere over kva dette inneber for dei av oss som ikkje har lys hud. Sidan kvitleik blir sett på som normalt, er mørkare, meir melaninrik hud sett på som unormalt, noko som blir lagd merke til og som definerer kven du er. I ein norsk forskingsrapport frå 2017 seier 24 prosent av ungdom at dei har opplevd regelmessig diskriminering på grunnlag av hudfarge.
Norsk = kvit?
Kvitleik blir òg tett knytt til norskdom. Det er vanleg at nordmenn med mørkare hud får spørsmålet "kvar kjem du eigentleg frå?" viss dei svarer "Noreg" når dei blir spurde kvar dei kjem frå.
Assad Nasir forklarer dette i ein kronikk i Dagbladet:
De med makt og posisjoner får velge en identitet, de andre bare får en identitet. Da blir man innvandrer eller en med innvandrerbakgrunn. Da blir man minoritetsspråklig. Da blir man en med funksjonsnedsettelse, en trygda, en same eller en homofil. Og det er ingenting galt med å være trygda eller innvandrer eller noe av det andre som er nevnt. Men noen har makt til å definere andre inn i gruppeidentiteter, og denne maktposisjonen er ikke alltid like synlig.
(Nasir, 2019)
Tenk over/diskuter
Kvifor har avisartiklar og lærebøker oftast bilete av mørkhuda menneske når temaet er fleirkultur? (Gjer eit Google-søk på "fleirkulturell" og sjå sjølv.)
Kven ser du for deg når du høyrer orda "utlending" og "innvandrar"? Sjansen er stor for at du ikkje såg for deg ein svenske eller ein amerikanar. Kvifor er det slik, trur du?
Omgrepet kvite privilegium kjem frå akademikar og forfattar Peggy McIntosh. Det blir brukt for å setje ord på forståinga for alle erfaringane ho ikkje hadde på grunn av kvitleiken sin. Kvitleik er altså noko som blir teke for gitt i mange samanhengar, og dette gjer at vi kan bli blinde for privilegia eller fordelane kvitleiken gir oss. Dei av oss som ikkje er kvite, kan ha mange erfaringar som kvite ikkje kjenner seg igjen i, noko som kan gjere dialog om rasisme og diskriminering vanskeleg. Å lytte til erfaringane til andre blir derfor veldig viktig.
Tenk over/diskuter
Betyr kvite privilegium at kvite menneske ikkje kan oppleve diskriminering på bakgrunn av kjønn, alder, klasse eller funksjonsgrad?
Under ser du ei av erfaringane med å vere kvit som Peggy McIntosh sette ord på. Kva tenkjer om denne påstanden?
"Jeg kan komme sent til et møte uten at dette tillegges min hudfarge." (Lindgren, 2020)
Fylkesnes, S. (2019, 3. oktober). For å se rasismen, må vi vite hvordan hvithet virker. Afrika.no. https://afrika.no/artikkel/2019/10/03/for-C<n><acr>3A<n><acr>5-se-rasismen-mC<n><acr>3A<n><acr>5-vi-vite-hvordan-hvithet-virker
Gule, L. (2020, 1. juli). Normalitet og hvithet: Om den "usynlige" rasismen. Antirasistisk. https://antirasistisk.no/eksterne-skribenter/normalitet-og-hvithet/
Eriksen, T. H. (2020, 14. januar.) Hvithetens problem. Agenda Magasin. https://agendamagasin.no/kommentarer/hvithetens-problem/
Lindgren, L. (2020, 7. august). Vi hvite har ikke bedt om å bli født inn i en hvit kultur. Morgenbladet. https://morgenbladet.no/aktuelt/2020/08/vi-hvite-har-ikke-bedt-om-bli-fodt-i-en-hvit-kultur
Løkås, M. T. (2020, 11.juni). "Jeg legger ikke merke til hudfarge i det hele tatt": –Du tar dessverre feil. Barnehage.no. https://www.barnehage.no/rasisme/jeg-legger-ikke-merke-til-hudfarge-i-det-hele-tatt--du-tar-dessverre-feil/141707
Nasir, A. (2019, 22. november). Når hvithet er målestokken. Dagbladet. https://www.dagbladet.no/kultur/nar-hvithet-er-malestokken/71851385