Hopp til innhald

Fagstoff

Rasisme

Rasisme er haldningar og handlingar der vi rangerer nokre menneske dårlegare enn andre på bakgrunn av utsjånad,kultur, najonalitet eller religion, og ikkje på bakgrunn av handlingane deira.
Skilt ved ei strand som viser at ho er berre for kvite. Fra Sør-Afrika under apartheid. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Definisjon på rasisme

Rasisme handlar eigentleg om haldningar og handlingar som delar menneske inn i "rasar", og at nokre rasar er mindre verd enn andre. Når vi snakkar om rasisme i dag, handlar det ikkje berre om ei inndeling eller førestilling om "menneskerasar", men meir om ein type etnisk diskriminering der nokon rangerer folk etter kjenneteikn som nasjonalitet, utsjånad, kultur eller religion.

Bakgrunn

Tidlegare delte ein altså menneska inn i det ein kalla "rasar". Ein delte folk inn etter fysiske kjenneteikn som hår-, hud og augefarge og kroppshøgde. Ofte handla dette òg om moral og intelligens. Ideen om at nokon hadde mindre verdi enn andre, handla òg om at ein blanda førestillingane om utsjånad, intelligens og kulturelle fordommar. Dette har ført til mange døme på undertrykking og forfølging, som slavehandelen og folkemordet til nazistane under andre verdskrigen.

Kulturelle forskjellar heller enn raseforskjellar

Seriøse forskarar bruker i dag ikkje omgrepet "rase" når dei prøver å finne grunnane til kulturforskjellar mellom menneske. Forskjellane kan først og fremst bli forstått som kulturelle forskjellar. Dette kan ein sjå tydeleg hos små barn som er adopterte frå eit land med ein heilt annan kultur. Det adopterte barnet tek ikkje med seg noko av kulturen frå der dei er fødde. Kulturen er altså lært og ikkje medfødd. Kultur kan brukast til å forklare dei aller fleste forskjellane mellom grupper av menneske bortsett frå ein del utsjånadmessige trekk.

Når forskarane i dag bruker ordet "rase", er det for å studere rasistiske oppfatningar blant folk, kva som kan vere grunnen til dei, og følgja av slike oppfatningar.

Sosialantropologen Thomas Hylland Eriksen seier vi må bruke raseomgrepet for å kunne kjempe mot rasisme. Han seier at rase finst, ikkje som biologisk omgrep, men som sosialt og kulturelt konstruert omgrep med hensikt å byggje murar mellom menneske. Vi deler opp menneske i grupper etter utsjånad, og ofte tillegg vi dei ulike sosiologiske og kulturelle eigenskapar basert på utsjånad.

Litteratur

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2020

Læringsressursar

Rasisme