Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rasisme i Noreg

Ytringar i media kan påverke både enkeltpersonar og samfunnsutviklinga. Mange har stått fram og fortalt om rasisme i Noreg, noko som har ført til samfunnsdebatt. I denne oppgåva skal du setje deg inn i saker som omhandlar rasisme, og du skal lage eit podkast-intervju om temaet.
Bilde av Adelena Ibishi og Tete Lidbom. Personane er plasserte framfor svart og kvit bakgrunn med teksten "P3 Gull". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1) Les saka

Relatert innhald

Tenk over

Kvifor er det viktig at Tete Lindbom og andre som opplever rasisme, står fram med historiene sine?

2) Set deg inn i temaet

Søk i norske nettaviser og finn aktuelle saker som omhandlar rasisme i Noreg i dag. Noter relevante artiklar, tal, namn osb.

3) Arbeidsoppdrag: Podkast-intervju

Lag eit podkast-intervju med ein ung person der du set søkelys på rasisme i Noreg i dag. Det er viktig at du har sett deg godt inn i temaet.

Førebu intervjuspørsmål

Døme på spørsmål du kan stille:

  • Kva tenkjer du om at mange menneske opplever rasisme og diskriminering i Noreg i dag?
  • Korleis kan vi kjempe mot rasistiske haldningar?

Du bør ha minst seks opne spørsmål til intervjuobjektet ditt klare før du startar podkast-intervjuet. Les artikkelen "Den journalistiske arbeidsprosessen", her får du tips til korleis du kan gå fram.

Relatert innhald

Gjennomfør intervjuet

Du kan gjere lydopptak av intervjuet med ein mobiltelefon. Ver medviten på lydforholda under opptakssituasjonen og ta lydsjekk før du startar intervjuet. Still spørsmåla dine og lytt aktivt til svara du får. Still oppfølgingsspørsmål om det er nødvendig.

Etterarbeid og publisering

Rediger intervjuet og sørg for at lyden er jamn gjennom heile intervjuet. Sjekk at informasjonen du vidareformidlar, er korrekt. Avtal innlevering av arbeid og eventuell publisering med læraren din.

Til refleksjon

  • Korleis kan denne podkasten påverke andre menneske?
  • Trur du podkasten din kan føre til samfunnsdebatt? På kva måte?

Ung mann sit på ein benk. Han har på seg  olabukse og hettegenser og ser på mobiltelefonen sin. Han er aleine. I bakgrunnen sit ei gruppe ungdommar som snakkar saman. Foto.
CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 17.08.2020

Læringsressursar

Rasisme