Hopp til innhald

Fagstoff

Fordommar og framandfrykt

Haldningar ligg til grunn for kva vi tenkjer og føler, og dei får konsekvensar for korleis vi handlar. Å seie at nokon er «fordomsfull», er ein nedlatande kommentar. Men kva vil det eigentleg seie å ha fordommar?
Norge for nordmenn. Tagging.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er fordommar?

Fordommar er haldningar eller oppfatningar som ofte er baserte på mangelfull eller feil kunnskap. Det vil seie at dersom vi er fordomsfulle, har vi negative haldningar til dømes til idear, stader eller i verste fall andre personar og menneskegrupper. Då kan fordommane våre føre til at vi diskriminerer andre, fordi vi er negative i utgangspunktet.

Haldningar gjennom sosialisering?

Nettopp fordi fordommar er baserte på kjensler, er det vanskeleg å innsjå at vi er fordomsfulle. Og kvar går grensa mellom ei kulturell haldning til noko, normal kritisk sans og det å ha fordommar?

Svaret er ikkje enkelt. Haldningar og oppfatningar blir danna gjennom sosialisering. Dei oppstår ved at vi blir forma til individ med eigne verdiar og haldningar. Fordommar er dermed òg noko som blir overført gjennom sosialisering, altså at førestillingar eller haldningar blir overførte mellom menneske. Det inneber òg at grupper av menneske kan ha haldningar eller oppfatningar som er fordomsfulle. Somme kan vere meir skeptiske til, eller også frykte, andre kulturar eller folkeslag, eller dei kan ha fordommar knytte til kjønn. Det vi kan seie, er at mens kritisk sans byggjer på kunnskap, byggjer fordommar på meiningar.

Murvegg med en tagget tekst som sier Partysvensker; go home! Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis lever fordommane vidare?

Korleis kan vi bli bevisste på våre eigne haldningar til, eller oppfatningar om, menneske frå andre kulturar eller folkegrupper? Ofte er det ikkje så lett å vite når vi berre er samfunnskritiske, og når vi baserer haldningane våre på manglande fakta, feil kunnskap eller eit negativt syn på andre. Kanskje kan vi avdekkje våre eigne fordommar ved å tenkje igjennom kva for haldningar vi har til menneske vi møter, eller saker vi les om i media?

Haldningar som er negative overfor spesielle grupper, blir ofte forklarte med ordet framandfrykt. I nokre tilfelle kan vi unnskylde oss med at det ikkje er så lett å kontrollere om dei kjenneteikna vi knyter til ulike menneskegrupper, er rette eller ikkje.

Kva folk har fordommar mot eller framandfrykt knytt til, varierer. Nokre har fordommar mot kristne, strevarar på skulen, narkomane, homofile eller kanskje fotballspelarar. Som nemnt heng fordommar og framandfrykt ofte nær saman med kjenslene våre. Vi må derfor utfordre oss sjølve til å tenkje igjennom kvifor vi føler akkurat det vi føler. Det er inga lita oppgåve.

Fordommar – rangering av menneske?

Fordommar representerer eit hierarki som rangerer menneske og grupper av menneske i forhold til kvarandre. Dei bestemmer kva eller kven vi meiner er bra, og kva eller kven vi meiner er mindre bra. Somme innvandrargrupper slit med å få relevante jobbar sjølv om dei er godt kvalifiserte.

I ein europeisk studie der norske forskarar deltok, undersøkte dei om namn og etnisitet hadde noko å seie for om ein blei kalla inn til jobbintervju eller ikkje. I Noreg blei det sendt ut fiktive søknadar med to norske namn og to pakistanske namn. Elles var bakgrunn og utdanning likt. Det viste seg at det var lågare sjanse for at søknadane med pakistanske navn blei kalla inn til intervju, noko som også blir spegla av i anna forsking.

To jenter med hijab og to jenter som går på Karl Johan arm i arm. Kollasj av to foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pileberg, S. (2019). Norske bedrifter velger bort religiøse jobbsøkere. Oslo: Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, UiO

CC BY-SASkrive av Gro-Anita Mortensen.
Sist fagleg oppdatert 31.03.2020

Læringsressursar

Rasisme