Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjon rundt rasisme

Kva tankar gjer du deg om rasisme og korleis ein kan motarbeide det?
Hakekors med strek over på ein murvegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skriv eit refleksjonsnotat

Skriv eit kort refleksjonsnotat der du diskuterer kva rasisme er og korleis du sjølv og andre kan motverke rasisme.

Her er forslag til element som kan vere med i notatet:

  • Er det lett eller vanskeleg å avgjere om noko er rasistisk, synest du?

  • Kva kan du gjere viss du er usikker på om noko er rasistisk?

  • Viss du opplever eller observerer rasisme, er det då lett eller vanskeleg å vite korleis du bør reagere?

  • Er det fleire enn dei som utfører rasistiske handlingar som har ansvar for å få slutt på rasismen?

  • Kva bør eventuelt andre gjere?

  • Kva kan ein gjere viss ein blir utsett for rasisme?

Avslutt gjerne med å dele nokre tankar med ein medelev eller i fellesskap i klassen.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2021

Læringsressursar

Rasisme