Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er rasisme?

Rasisme kan vere bevisste handlingar som byggjer på ei ideologisk overtyding. Det kan òg skje mindre bevisst, utan at det ligg nokon rasistisk intensjon bak.

Drapet på Benjamin Hermansen

Drapet på Benjamin Hermansen skjedde i 2001 og har blitt ståande igjen som eit spesielt mørkt kapittel i norsk kriminalhistorie. Det er mange grunnar til det, og noko av det mest openberre er at Benjamin blei drepen eine og aleine på grunn av hudfargen sin. Drapsmennene var sjølverklærte nynazistar. I tillegg til å handle om eit bestialsk drap på ein uskuldig gut vekkjer drapet til live minna om nokon av dei mest undertrykkjande regima, terrorangrepa og massedrapa i nyare historie. Vi får assosiasjonar til Nazi-Tyskland, apartheid, og Ku Klux Klan.

Ordet rasisme blir ofte kopla til slike ekstreme ideologiar, undertrykking og massedrap, og derfor har omgrepet ei kraft og ein verknad få andre omgrep har. Språket vårt inneheld ei rekkje omgrep som kanskje somme gonger kan brukast som alternativ: diskriminering, framandfrykt, framandhat, sjåvinisme, ekskludering. Felles for desse omgrepa er at dei ikkje har den same slagkrafta som rasisme.

Kva er rasisme?

Ordet rasisme viser til ordet rase og blei brukt første gong på 1930-talet av motstandarar mot det rasistiske og antisemittiske verdsbiletet til nazistane. Snevre definisjonar av ordet knyter det nettopp til førestillinga om "rase" som biologisk fenomen.

Utfordringa ved denne snevre definisjonen av rasisme er at rasetenking aldri har vore reint biologisk. Forståinga av omgrepet “rase” har òg inkludert førestillingar om kultur og etniske forskjellar (Døving og Bangstad, 2015).

Vide definisjonar av rasisme inkluderer forskjellsbehandling av ulik art, ikkje avgrensa til "rase". Eit døme er FNs rasediskrimineringskonvensjon frå 1966, der rasediskriminering blir definert som:

– alle forskjellsbehandlingar, utestenging, innskrenking eller føremonn på grunn av rase, hudfarge, avstamming eller nasjonalt eller etnisk opphav.

I boka Hva er rasisme? frå 2015 definerer Bangstad og Døving rasisme slik (kapittel 1):

  1. å dele inn en befolkning i ulike kategorier der noen gis negative essensielle (uforanderlige) trekk
  2. å redusere identiteten til et individ til de gitte negative karaktertrekkene for en kategori
  3. å bruke de negative karaktertrekkene som argument for underordning og diskriminering

Denne definisjonen peikar på rasisme som litt meir enn fordommar på den eine sida og diskriminering på den andre. Ifølgje Bangstad og Døving knyter rasismeomgrepet fordommar og diskriminering saman: Rasisme har vi når fordommar grunngir diskriminering.

Rasisme og makt

Diskriminering føreset òg makt. Ein forenkla definisjon seier derfor at rasisme er fordommar pluss makt. Denne definisjonen viser til ei forståing av rasisme som ligg i samfunnet, med eller utan nokon rasistisk ideologi.

Fokuset på makt og samfunnsnivå gjer at somme skil mellom rasistiske fordommar på den eine sida og rasisme på den andre. Rasistiske fordommar kan alle ha. Men berre dei som innehar majoritetsposisjonen – kvite i vestlege samfunn – kan handle rasistisk. Ut frå eit slikt synspunkt er det altså ikkje noko som heiter omvendt rasisme, altså rasisme frå ein minoritet retta mot ein majoritet.

Diskuter

  • Kva for nokre av definisjonane er best?

  • Trekkjer desse definisjonane inn sider ved omgrepet rasisme som de ikkje hadde tenkt på?

  • Bør vi halde på omgrepet rasisme i daglegtalen?

  • Kvifor blir det feil å snakke om omvendt rasisme viss ein meiner at makt er eit viktig element i rasisme? Er de einige i dette standpunktet?

Litteratur

  • Bangstad, S. & Døving, C. A. (2015). Hva er rasisme? Oslo: Univerisitetsforlaget.
  • Døving, C. A. & Nustad, P. (2019). Hva er rasisme, og hva kan skolen gjøre? Oslo: HL-senteret.

Denne læringsressursen er basert på artikkelen "Rasisme og andre uttrykk for gruppefiendlighet" på Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme.

CC BY-SASkrive av Harald Syse og Peder Nustad. Rettshavar: Dembra
Sist fagleg oppdatert 02.11.2020

Læringsressursar

Rasisme