Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rasisme i fotballen

Banankasting på svarte spelarar i fotballverda har skjedd mange gonger og har vanlegvis ein rasistisk motivert bakgrunn. Tidlegare har liknande episodar utløyst kraftige reaksjonar frå andre spelarar.
Tavle med teksten "No room for racism" lent opp mot en forball. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dani Alves

Under fotballkampen mellom Barcelona og Villareal i 2014 reagerte den brasilianske fotballspelaren Dani Alves, som er svart, heilt annleis. Han plukka opp bananen og åt han, før han heldt fram kampen med eit hjørnespark.

Du kan sjå klippet "Dani Alves bites the racism" på YouTube.

Set dykk saman i grupper på 3–5 elevar.

  • Diskuter kvifor spelarar som blir utsette for banankasting, oppfattar det som rasisme.
  • Er det rasistisk? Prøv å kome fram til ei grunngiving alle er einige i. Bruk definisjonen på rasisme over i grunngivinga.
  • Del grunngivinga med klassen.
  • Kva ligg bak ei slik handling som å kaste banan etter ein spelar med mørk hudfarge, trur de? Kva vil tilskodaren oppnå?

Kevin-Prince Boateng

Sjå klippet frå fotballkampen mellom AC Milan og Pro Patria, der den svarte fotballspelaren Kevin-Prince Boateng nektar å halde fram kampen etter rasistiske ytringar frå tribunane. Kampen blei avbroten.

Du kan sjå klippet "Stop the game because of racist chants against Boateng 03-01-2013" på YouTube.

Diskuter i gruppa: Kva synest de om måtane Dani Alves og Kevin-Prince Boateng reagerer på? Grunngi svaret. Del med klassen.

#WeAreAllMonkeys

Hendinga med Dani Alves starta ei bananbølgje på sosiale medium, der både idrettsutøvarar, kjendisar, politikarar og vanlege folk viste solidariteten sin under hashtaggen #WeAreAllMonkeys.

  • Søk opp #WeAreAllMonkeys i Google bildesøk eller i eit sosialt medium de bruker og sjå på bileta saman i gruppa.
  • Diskuter om Dani Alves sin reaksjon og bananbølgja på sosiale medium kan bidra til å kjempe mot rasisme. Kva er moglegheitene og avgrensingane?
  • Er det andre ting ein kan gjere for å stoppe rasismen i fotballen?

Denne oppgåva er basert på undervisningsopplegget "Rasisme i fotballen" på Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme.

CC BY-SARettshavar: Dembra
Sist fagleg oppdatert 14.10.2020

Læringsressursar

Rasisme