Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rasisme: George Floyd – Black Lives Matter

Den 25. mai 2020 blei George Floyd kvelt under ein arrestasjon i Minneapolis i USA. Døden hans førte til eit massivt opprør mot rasisme og politivald, og protestane spreidde seg etter kvart til byar over heile verda.
Demonstrasjonstog i New York. Demonstrantane er av ulikt etnisk opphav og ber på plakatar med portrettet av George Floyd. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit videoopptak av arrestasjonen som avslørte valdsbruken til politibetjentane, vekte oppsikt verda over. Opptaket viste at Floyd ropte fleire gonger: "I can't breathe." (Eg får ikkje puste.)

George Floyd sine siste ord blei slagordet for hundretusenvis av menneske som tok til gatene for å demonstrere mot politivald og rasisme.

1 Set deg inn i saka

Les artikkelen "Protestene i USA". Gjer vidare research ved å oppsøkje andre sikre kjelder på nett.

Relatert innhald

2 Individuelt arbeid

Svar på desse spørsmåla:

  1. Kvifor trur du Floyds død førte til store demonstrasjonar og protestar over heile verda?
  2. På kva måte førte protestane til endringar?
  3. Korleis har denne saka påverka deg?
  4. Black Lives Matter-rørsla brukte demonstrasjonar som aksjonsform for å setje søkelyset på rasisme og politivald. Kvifor er denne aksjonsforma effektiv når ein vil skape merksemd rundt ei sak?
  5. Demonstrasjonane etter drapet på George Floyd starta stort sett fredeleg, men utvikla seg til valdelege opptøyar og plyndring fleire stader. Kva tenkjer du om det?
  6. Kva for andre kanalar kan ein bruke for å setje søkelyset på rasisme og politivald? Nemn nokre konkrete døme.

3 Klassediskusjon

Klassen din skal gjennomføre ein debatt. Slik går de fram:

  • Jobb først i små grupper på tre til fire personar og legg fram argumenta dykkar. Kom med innspel og tilbakemeldingar til kvarandre, slik at de står sterkare i plenumsdiskusjonen etterpå.
  • Vel ein ordstyrar som skal leie klassedebatten.
  • Legg fram ulike argument og still opp til klassedebatt! Alle skal leggje fram minst eitt argument.

Diskuter desse spørsmåla:

  1. Kvifor er det viktig å setje søkelyset på rasisme?
  2. Mange opplever rasisme i Noreg. Korleis kan vi kjempe mot rasistiske haldningar?
  3. Kva ansvar har vi for å kjempe mot rasisme?

Relatert innhald

4 Skriftleg drøfting

Korleis kan vi kjempe mot rasistiske haldningar?

  • Skriv ein tekst der du drøftar (diskuterer) dette spørsmålet.
  • Vis til ulike argument og konkrete døme. Finn og vurder skriftlege kjelder du kan vise til i teksten.

Oppbygning

  1. Innleiing: Gi ein kort presentasjon av temaet du skal drøfte.
  2. Hovuddel: Presenter relevante sider ved temaet og diskuter dei. Bruk gjerne eitt til to avsnitt per hovudpunkt.
  3. Konklusjon: Oppsummer kort kva du har komme fram til gjennom drøftinga.
  4. Kjelder: Presenter ei liste med kjelder til slutt.

Kvalitetssjekk

Før du leverer inn teksten, treng han ein kvalitetssjekk. Jobb til dømes saman med ein medelev. Du les teksten til medeleven din, og omvendt. Begge ser nøye på oppbygning, argumentasjon og språk og gir kvarandre konstruktive tilbakemeldingar.

  • Har teksten ei tydeleg inndeling i innleiing, hovuddel og konklusjon?
  • Tek teksten opp viktige sider ved temaet som blir diskutert?
  • Har skrivaren presentert argumenta på ein ryddig måte og i ei god rekkjefølgje?
  • Sjekk til slutt teksten for slurvefeil, dårlege formuleringar og svak flyt.

Tips

I norskfaget på NDLA finn du meir skrivehjelp. Bruk til dømes læringsstien Hvordan skrive en fagartikkel? som støtte i arbeidet.


Kjelder

Stolz, T. (2020, 8. juni). George Floyd-saken: Drapssiktede i retten. NRK. Henta frå https://www.nrk.no/urix/george-floyd-saken_-drapssiktede-i-retten-1.15045471

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 13.08.2020

Læringsressursar

Rasisme