Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Journalist grovt hetsa på jobb

Pressefridommen i Noreg står sterkt. Men sjølv om norsk presse er fri og uavhengig, hender det at journalistar blir utsette for truslar og trakassering når dei er på jobb. Det har TV 2-reporter Kadafi Zaman fått erfare.
Journalist Kadafi Zaman står med TV 2-mikrofon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Oppgåve 1. Grovt hetsa på jobb

A. Les artikkelen frå journalisten.no

Artikkelen inneheld òg klipp frå episoden som Zaman sjølv delte i sosiale medium.

B. Reflekter over desse spørsmåla i grupper

  1. Korleis reagerer Kadafi Zaman på hetsen frå Sian?
  2. Kvifor er det viktig å dokumentere situasjonar som dette?
  3. Hendinga fekk det til å koke i sosiale medium. Kvifor trur de så mange reagerte på dette?
  4. Kvifor er det viktig å verne journalistar som utfører samfunnsoppdraget sitt?
  5. Kva konsekvensar kan truslar og grov hets mot journalistar få?

Oppgåve 2. Zaman svarer på hetsen

A. Sjå Facebook-innlegget og les saka på tv2.no

B. Reflekter over desse spørsmåla i grupper

  1. Korleis svarer Zaman på hetsen?
  2. Kvifor er det viktig at Zaman tek eit oppgjer med hetsen, både som privatperson og som journalist?
  3. Kvifor trur du Zaman valde Facebook som publiseringskanal for innlegget sitt?
  4. Kva konsekvensar fekk dette Facebook-innlegget?

Oppgåve 3. Blei kalla "muslim-jævel" på TV

A. Kadafi Zaman blei kalla "muslim-jævel"

Sjå videoklippet Journalist ble kalt "muslim-jævel".

B. Oppsummerande diskusjon i grupper

  1. Kva situasjonar reagerer de mest på? Den rasistiske hetsen frå Sian eller den rasistiske hetsen frå den mannlege demonstranten? Grunngi svaret.
  2. På kva måte kan hatefulle ytringar og angrep retta mot journalistar true pressefridommen i Noreg?
CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2021

Læringsressursar

Rasisme