Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stereotypiar, fordommar og rasisme

Lær om desse omgrepa, og bruk dei til å reflektere over opplevingane norsksomaliarar fortel om i ein episode av programmet «Ikke spør om det».
Ein raud plakat med ei svart hand, symbol for Black Lives Matter, under ein demonstrasjon i London i 2020. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er stereotypiar, fordommar og rasisme?

  1. Les fagartikkelen under om desse tre omgrepa, og lag ein definisjon for kvart av omgrepa. Bruk dine eigne ord i forklaringane.
  2. Del det du har skrive, med ein medelev. Bli einige om ein felles definisjon.

Relatert innhald

Utforsk stereotypiar og fordommar i Ikke spør om det

Sjå episoden «Norsk-somalier» av NRK-programmet Ikke spør om det, og gjer oppgåvene under.

  1. I par: Lag ei oversikt over alle spørsmåla, og diskuter om kvart enkelt spørsmål er nøytralt, eller om det har grunnlag i stereotypiar eller fordommar. Er det vrient å skilje mellom stereotypiar og fordommar?

  2. Blir nokon av stereotypiane og fordommane motbeviste i svara frå deltakarane i programmet? Kom med døme.

  3. Diskuter: Kor vanlege er fordommane som kjem fram her, og kvifor har dei oppstått, trur de?

Dramatiser og forklar døme på rasisme

Kva døme på rasisme fortel deltakarane i programmet om, og korleis kan vi bruke dette til å kjempe mot rasisme?

  1. Prøv å kome opp med så mange døme som mogleg frå programmet, medan læraren eller ein elev skriv ned alle døma på tavla eller i eit delt dokument.
  2. Gå saman i grupper, og vel eitt døme kvar. Pass på at alle gruppene har ulike døme.
  3. Lag ein film, ein podkast eller ei framføring der de først dramatiserer dømet og så diskuterer kva slags stereotypiar og fordommar som kan liggje bak slike handlingar. Kom òg med forslag til korleis slike fordommar kan motkjempast, slik at dei ikkje dannar grunnlag for rasisme.

Til vidare refleksjon

Kva for nokre ubevisste fordommar har du? Forskarar har utvikla eit sett med testar som avdekkjer kva for nokre ubevisste førestillingar du har som er baserte på kjønn, alder, vekt, legning, nasjonalitet og så vidare. Les meir om dette og ta testen på nettsida til Project Implicit (engelsk versjon).

NB: Denne testen bør du ta heime og åleine. Dei fleste har ubevisste fordommar, og dette er noko som kan vere for personleg å dele med klassen rett etter du har teke testen. Du treng òg konsentrasjon og arbeidsro for å ta testen, derfor eignar dette seg best til heimearbeid.

Kjelder:

Wilson, J. (2017, 13. mars). «People see black men as larger, more threatening than same-sized white men». Henta 19. november 2020 frå American Psychological Assosiation: https://www.apa.org/news/press/releases/2017/03/black-men-threatening

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2020

Læringsressursar

Rasisme