Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rasisme og antirasisme

Det finst ulike former for rasisme. Rasisme kan vere alt frå stygge blikk til djupe strukturar i samfunnet. Reflekter over korleis rasismen verkar, og over kva du og samfunnet kan gjere for å stoppe han.

Oppgåve 1. Kvardagsrasisme

Diskuter i grupper før de ser filmen.

  1. Kva er kvardagsrasisme?

  2. Kva er den beste måten å forhindre kvardagsrasisme på?

Oppgåve 2. Kvardagsrasisme og strukturell rasisme

  1. Vel eitt av døma på kvardagsrasisme som kjem fram i filmen.

    • Gi ei kort skildring av hendinga.

    • Grunngi kvifor det er rasistisk.

    • Reflekter over kvifor denne typen hendingar kan vere belastande.

  2. Korleis kan du bruke omgrepet "subtil rasisme" for å beskrive rasistiske handlingar? Gi konkrete døme.

  3. Diskuter om "subtil rasisme" er eit betre og meir dekkjande omgrep enn omgrepet "kvardagsrasisme".

  4. Kvifor kan det vere vanskeleg å oppdage kvardagsrasisme eller subtil rasisme?

  5. Kva er strukturell rasisme? Gi konkrete døme.

  6. Korleis kan kvardagsrasisme forme og avgrense liva til dei som blir utsett for det?

Oppgåve 3. Antirasisme

  1. Kva er antirasisme?

  2. Kvifor er det viktig at alle er med på å jobbe antirasistisk?

  3. Korleis kan ungdommar jobbe antirasistisk i klassen, mellom vener, på fritidsaktivitetar, i sin eigen familie og overfor resten av samfunnet? Gi konkrete døme.

  4. Korleis kan styresmaktene jobbe antirasistisk og endre strukturell rasisme i samfunnet?

Oppgåve 4. Antirasisme på skulen

I denne oppgåva skal de planleggje og gjennomføre ein antirasistisk kampanje på skulen.

  1. Kartlegg problemet
    Før de går i gang, bør de kartleggje omfanget av rasisme på skulen. De kan til dømes gjennomføre intervju eller snakke med lærarar og leiinga på skulen.

  2. Diskuter verkemiddel
    Diskuter kva som er mest verknadsfullt å fokusere på i kampanjen. Bruk informasjonen de har samla inn i spørsmålet over. De kan til dømes lage

    • ein kampanje for å endre reglane og sanksjonane til skulen når det gjeld rasisme

    • ein haldningskampanje retta mot tilsette eller lærarar på skulen

    • ein haldningskampanje for elevane på skulen

    • ein demonstrasjon eller ei markering mot rasisme

    • ein kampanje for å rekruttere medlemmer til ei gruppe eller organisasjon som arbeider mot rasisme på skulen

    • ein aksjon på sosiale medium

    • ein kampanje mot hatprat og sjikanering

  3. Lag ein plan
    Bestem dykk for eit konkret forslag. Bli samde om ei rollefordeling og ein tidsplan for gjennomføringa.

  4. Gjennomføring
    Gjennomfør kampanjen på skulen.

  5. Evaluer
    Når de er ferdige, kan de reflektere over kampanjen.

    1. Kva fungerte bra, og kvifor fungerte det bra?

    2. Kva var det som ikkje fungerte? Kva var grunnen til det?

    3. Kva erfaringar ville de ha teke med dykk vidare om de skulle ha gjennomført ein kampanje mot rasisme i heile det norske samfunnet?

    4. Kva avgrensingar kan haldningskampanjar ha i kampen mot rasisme?

    5. Kva andre tiltak enn kampanjar kan vere viktige for å motverke rasisme?

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2021

Læringsressursar

Rasisme