Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Definer rasisme

Er det mogleg å lage ein dekkjande definisjon av kva rasisme er?

Å lage gode og presise definisjonar kan vere vanskeleg. Sjå videoen under før de byrjar.

Set dykk i grupper på 3–4 elevar rundt eit bord. Alle får utdelt lappar til å skrive på.

Individuelt (5 minutt)

Kva må vere med i ein definisjon på rasisme? Skriv minst tre punkt på ulike lappar.

I gruppe (10 minutt)

  • Legg lappane fram på bordet og presenter punkta.
  • Handlar nokon av lappane om det same?
  • Er det nokon punkt de er ueinige om?
  • Samle dei tre lappane som de meiner er viktigast på midten av bordet.
  • Formuler ein definisjon der de bruker dei tre punkta de blei einige om.

I klassen

Var det noko som var spesielt vanskeleg med å definere rasisme? Var det noko som skapte ueinigheit? Kva kan vere årsaka til det? Del erfaringar og tankar i plenum.

Denne oppgåva er basert på undervisningsopplegget "Hverdagsrasisme?" på Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen. Rettshavar: Dembra
Sist fagleg oppdatert 02.11.2020

Læringsressursar

Rasisme