Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Er det rasistisk?

I denne oppgåva skal de avgjere kva utsegner og situasjonar som de meiner bør reknast som rasistiske, og kva for nokre av dei som ikkje bør det.

Jobb i grupper og diskuter om utsegnene og situasjonane er rasistiske eller ikkje. Dra korta til den boksen de meiner er riktig. Hugs at det treng ikkje vere rasistisk sjølv om det er slemt, tankelaust eller kan opplevast som sårande.

Evaluer dykkar eigen definisjon

Samanlikn korta de har sortert med definisjonen de har laga. Fungerer definisjonen til å skilje mellom det de meiner er rasistisk og det de meiner ikkje er rasistisk? Viss ikkje – bør de endre definisjonen, eller bør de flytte kortet?

Del definisjonen med klassen

Bli einige om de skal justere definisjonen eller behalde den de hadde.

Ein på kvar gruppe går til tavla og skriv definisjonen i gruppa.

Sjå på definisjonane i fellesskap.

  • Er det nokon ord som går igjen? Er dette sjølve essensen av kva rasisme er?
  • Er nokon av definisjonane for vide?
  • Er nokon for snevre?
  • Kva ser ut til å vere dei største problema knytte til det å definere rasisme?

Tips

Når de skal dele definisjonane, kan de òg bruke samtavla.

Rettleiing: Hvordan bruke samtavla?

Denne oppgåva er basert på undervisningsopplegget "Hverdagsrasisme" på Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen. Rettshavar: Dembra
Sist fagleg oppdatert 02.11.2020

Læringsressursar

Rasisme