Hopp til innhald

Fagstoff

Kulturskildringa og vitskapleg rasisme

Den beskrivande kulturforståinga har ikkje alltid vore like objektiv i tilnærminga. Forskinga på andre kulturar var lenge påverka av ei førestilling om at vestleg kultur var overlegen.
Gamalt oppslagsverk viser eit verdskart omkransa av teikningar av hovuda til menneske frå ulike folkegrupper. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei tidlegaste antropologane – dei som studerte "framande" kulturar – drog ut til fjerne stammefolk for å måle hjerneskallar, beskrive reiskapar og hustypar og skrive ned dei merkelege skikkane til dei innfødde. Slik kunne "dei andre", såkalla naturfolk, skildrast ut frå observatørens ståstad og idear om kva kultur var. Forskarane såg på sin eigen kultur som meir avansert og verdifull enn andres og vurderte dei andre ut frå denne ståstaden. Dette er ei særs etnosentrisk tilnærming til kultur, som bidrog til å legitimere rasisme og overgrep.

Du kan lese meir om etnosentrisme i artikkelen Kva er etnosentrisme og kulturrelativisme?

Rase som forklaring på åtferd

Vitskapsmannen Carl von Linné delte både plantar, dyr og menneske inn i artar. I 1753 skreiv han mellom anna dette om det han meinte var to av dei fem ulike rasane til menneska: Homo europaeus: "kvit, sangvinsk, smart og oppfinnsam." Homo africanus: "Svart, krusete hår, brei nase, slu, latt, sorglaus." ("Sangvinsk" (frå latin: knytt til blodet) er eit omgrep som blir brukt om eit lystig og muntert sinnelag.)

I dag er det tydeleg at denne tilnærminga er både normativ og rasistisk. Målestokken var europearane sjølve: "Negertypen er i utpræget Skikkelse overordentlig hæslig […]. Huden uddunster stedse en ubehagelig Lugt" (omtale i ein leksikonartikkel frå 1888). Den kvite rasen blei plassert på toppen av rangstigen som den mest danna og utvikla. Slik sett blei denne skildringa normativ, der "dei andre" blei sett og bedømde ut frå europeiske normer. Det låg i kulturen til dei framande folkeslaga å opptre på ein bestemd, ofte barnsleg, måte.

Raseomgrepet som grunnlag for undertrykking

Rase var ein kategori som blei brukt for å skilje mellom menneskegrupper etter biologisk opphav. Inndelinga blei gjord etter ytre trekk, der hudfarge var spesielt viktig. I dag viser vitskapen at desse berre er variantar av menneskerasen, men dette raseomgrepet blei lenge brukt som grunnlag for å rangere og undertrykke menneske.

Tanken om at åtferda til menneska er knytt til rase, stod lenge sterkt, ikkje minst fram mot andre verdskrigen.

Tenk over / diskuter

Har du døme på at begrepet rase framleis blir brukt for å rangere menneske etter verdi?

Portrett av George Floyd på ein minneplass. Bukettar, lys og plakatar er lagde ved eit gjerde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vitskapleg rasisme

Det er viktig å forstå konteksten for den problematiske kulturforskinga, fordi ho var forma av andre idear i samfunnet. Tidsrommet frå 1860 til 1945 har blitt kalla "epoken til den vitskaplege rasismen" (Bangstad, 2017). Både biologar, zoologar, politikarar og samfunnsvitarar arbeidde ut frå trua på at vi kunne snakke om ulike menneskerasar, og at desse kunne rangerast.

Rasehygiene og sosial-darwinisme

Rasehygiene var eit omgrep som blei brukt av vitskapen, og som handla om å reinske opp i arvematerialet i eit folk ved å sterilisere underlegne menneske. Her i Noreg blei hundrevis av kvinner med tater-bakgrunn steriliserte ved tvang mellom 1934 og 1977.

Sosial-darwinisme var òg eit viktig straumdrag i vitskaplege kretsar. Det handla om å bruke Darwins evolusjonsteoriar på kultur og samfunn, slik at nokre samfunn og kulturar blei sett på som meir utvikla enn andre. Den nordiske kulturen (og rasen) blei sett på som høgt utvikla, medan andre, som den samiske, blei sett på som eit lågare trinn i evolusjonen.

Tenk over / diskuter

Kvifor trur du denne perioden med vitskapleg rasisme tok slutt i 1945?

Kvifor trur du vitskapen i denne perioden var så oppteken av rase?

Teoriane vi har referert til her, er for lengst diskrediterte. Det vil seie at dei har blitt avviste som uvitskaplege idear utan forankring i fakta eller røyndomen. Likevel ser vi at spor av desse teoriane lever vidare, noko som viser kor stor påverknad dei har hatt, og kor viktig det er med ein presis og fagleg omgrepsbruk når vi beskriv og samanliknar menneske på tvers av kulturelle skiljelinjer.

Ein rapport om haldningar til diskriminering, likestilling og hatprat frå 2019 peikar på at mange av tankane frå ein utdatert vitskap lever vidare i den norske befolkninga:

Vi finner likevel at hver fjerde nordmann tenker at det finnes «menneskeraser», og at disse «rasene» kan rangeres etter intelligens. Denne raseforståelsen finner vi at korrelerer sterkt med syn på likestillingspolitikk og innvandring. Personer som tror at noen «menneskeraser» er smartere enn andre, oppgir at de har større aksept for og mindre vilje til å sanksjonere om etniske minoriteter blir utsatt for diskriminering. De tror også i større grad at innvandring er skadelig for landet.

(Tyldum, 2019, s. 117)


Kjelder

Bangstad, S. (2017). Rasebegrepets fortid og nåtid. Norsk sosiologisk tidsskrift. https://www.idunn.no/norsk_sosiologisk_tidsskrift/2017/03/rasebegrepets_fortid_og_naatid

Hauan Nilsen, F. (2018). Antropologar, urfolk og nasjonalisme. https://www.uib.no/antro/117385/antropologar-urfolk-og-nasjonalisme

Tyldum, G. (2019). Holdninger til diskriminering. Oslo: Fafo.

CC BY-SASkrive av Øyvind Dahl, Eirik Befring og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 03.11.2020

Læringsressursar

Teoriar om kultur