Hopp til innhald

Fagstoff

Rasisme og media si rolle

Rasisme kan få store konsekvensar for både enkeltindivid og samfunn. Via sosiale medium kan ein spreie rasistiske ytringar raskt og til mange mottakarar. Redaksjonelle medium har ansvar for å setje søkjelyset på rasisme og kan dermed påverke samfunnsdebatten.

Kva er rasisme?


Rasisme er […] oppfatninger, holdninger eller handlinger som deler mennesker inn i påståtte "raser" hvor noen hevdes å være mer verdifulle enn andre.

Kjelde: snl.no

Store norske leksikon bruker òg omgrepet rasisme om fleire former for etnisk diskriminering som ikkje nødvendigvis byggjer på førestillinga om "menneskerasar", men som tek utgangspunkt i kjenneteikn som nasjonalitet, utsjånad, kultur eller religion.

Strukturell rasisme

I Noreg er alle grupper likestilte og beskytta mot rasisme gjennom lovverket. Men det er likevel mange som opplever at usynlege strukturar i samfunnet fører til diskriminering og forskjellsbehandling.

Eit døme er at jobbsøkjarar med utanlandske namn har mindre sannsyn for å bli kalla inn til intervju. Denne forma for diskriminering kallar vi strukturell rasisme.

Strukturell rasisme gjer at minoritetsgrupper kan oppleve hindringar som andre delar av befolkninga ikkje møter, sjølv om diskrimineringa ikkje er aktivt og bevisst utført av enkeltpersonar. I denne kommentaren kan du lese korleis NRK-programleiar Sissel-Alice Refsdal tek eit oppgjer med rasisme:

Relatert innhald

Kvardagsrasisme

Rasisme finst i ulike former. Me kan sjå døme på rasistiske haldningar både i barnehagen, på leikeplassen og i skulegarden. Dei kan òg komme til syne i arbeidslivet og i den offentlege debatten.

Vi høyrer ofte triste historier om kvardagsrasisme i ulike former, til dømes gjennom utestenging og grove kommentarar i sosiale medium. Eller gjennom haldningar og handlingar som set personar med ein gitt hudfarge eller etnisitet i bås og tillegg dei bestemte eigenskapar.

Kvardagsrasisme kan føre til at menneske hamnar utanfor fellesskapet. Denne typen rasisme er gjerne bygd på stereotypiske oppfatningar og fordommar.

Ung kvinne med samisk-inspirert drakt og solbriller. Ho har ein synth ved sida av seg og ei høgtalar på skuldra. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rasisme og media si rolle

Rasisme kan få store konsekvensar for både enkeltindivid, grupper og samfunn. Eit mangfald av stemmer i media er ein føresetnad for demokratiet. Saker som set søkjelyset på diskriminering og ulike former for rasisme, kan påverke samfunnsdebatten.

Undersøkingar viser at mange unge samar opplever hets og diskriminering på bakgrunn av etnisiteten sin. Les meir om det i relatert artikkel frå NRK:

Relatert innhald

Mange har lese NRKs nettsak om at samisk ungdom opplever diskriminering. Ved å setje søkjelyset på saker om hets, diskriminering og rasisme kan NRK fungere som eit talerøyr for minoritetsgrupper. Dette kan bidra til å endre oppfatningar og fordommar.

Som allmennkringkastar har NRK eit spesielt ansvar for å dekkje interessene til heile befolkninga. NRK skal kjennast relevant for ulike grupper og miljø i samfunnet.

Rasisme på dagsordenen

I 2020 blei George Floyd kvelt under ein arrestasjon i Minneapolis i USA. Hans død førte til eit opprør mot rasisme og politivald, og protestane spreidde seg etter kvart til byar over heile verda. Drapet fekk store konsekvensar for den offentlege samtalen om rasisme også her i landet.

Demonstrasjonar i New York etter George Floyd sin død. Demonstrantane held plakatar med slagord og portrett av George Floyd. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

George Floyd sin død førte til ein massiv rasisme-debatt i Noreg. Dette er dokumentert i ein rapport Retriever gjorde på oppdrag for Fritt Ord. Undersøkinga viser at rasisme blei lite omtalt i norske medium før Floyd sin død. Merksemda rundt George Floyd og Black Lives Matter-rørsla endra biletet drastisk. Sjå meir i relatert artikkel under.

Relatert innhald

Rasisme i sosiale medium

Sosiale medium gjer det mogleg å spreie rasistiske ytringar raskt og til mange mottakarar. Menneske som blir utsette for rasistiske ytringar i sosiale medium, kan oppleve frykt, usikkerheit og angst.

Rasistiske ytringar i sosiale medium kan òg skape utfordringar for demokratiet vårt. Det kan nemleg føre til at færre menneske torer å ytre seg i offentlegheita, fordi dei fryktar konsekvensane. Rasisme kan hindre moglegheitene menneske har til å delta i samfunnet.

Straffelova forbyr diskriminerande eller hatefulle ytringar overfor andre menneske på grunn av hudfarge eller nasjonalt eller etnisk opphav. Grove, hatefulle eller diskriminerande ytringar kan straffast med bøter eller fengsel. Dette gjeld òg ytringar som blir publiserte i digitale medium.

Sarah Natasha Melbye set fokus på rasisme i sosiale og redaksjonelle medium i denne podkasten:

Relatert innhald

Programleiar Sarah Natasha Melbye set i denne podkasten søkjelyset på rasisme i norske medium. Gjestar: Ayan Ahmed og Roger Aarli-Grøndalen.

Kjelder

Kulturdepartementet. (2019). Handlingsplan mot rasisme og diskriminering på grunn av etnisitet og religion. Henta 21. januar 2021 frå https://www.regjeringen.no/contentassets/589aa9f4e14540b5a5a6144aaea7b518/handlingsplan-mot-rasisme_uu_des-2019.PDF

Nustad, P. & Syse. H. (u.å.). Rasisme og andre uttrykk for gruppefiendtlighet. Henta 18. november 2020 frå https://dembra.no/no/utema/rasisme-antisemittisme-og-annen-gruppefiendtlighet/?fane=om-temaet&trekk=1#anchor-2

Skorgen, T., Ikdahl, I. & Berg-Nordlie, M. (u.å.). Rasisme. I Store norske leksikon. Henta 18. november 2020 frå https://snl.no/rasisme

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen, Caroline Nesbø Baker og Øyvind Dahl.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2021

Læringsressursar

Ytringsfridom, pressefridom og demokrati