Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tiltak ved framandlekam i luftvegane

Barn, eldre og svekte er spesielt utsett, men ein framandlekam kan òg skade unge og friske. Framandlekam i luftvegane kan vere livstrugande, derfor er det viktig å kjenne til og meistre tiltak som kan bidra til å redde liv.
Ei kvinne held seg til halsen. Ein mann står bak  ho med hendene under brystet hennar og gjer Heimlichs manøver. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Det finst ulike metodar for å få laus ein framandlekam i halsen. Finn ulike metodar, og beskriv dei.
  2. Beskriv kva små barn typisk kan setje i halsen.
  3. Beskriv ulike tiltak du meiner kan vere nyttige for å førebyggje at barn set noko i halsen.
  4. Finn ut om det er nokre aldersgrupper der vi ikkje nyttar Heimlichs manøver.

Gruppeoppgåver

  1. Viss ein skal nytte Heimlichs manøver, er det viktig å vite korleis ein skal gjere det. I denne øvinga skal du ikkje gjere det, men du skal peike og forklare korleis du ville gjennomført Heimlichs manøver på medelev.
  2. Forklar ein medelev om andre metodar enn Heimlichs manøver som kan nyttast viss nokon har sett ein framandlekam i luftvegane.

Relatert innhald

Ein framandlekam i luftvegane kan raskt føre til ein svært kritisk situasjon. Lær førstehjelpstiltak du bør kunne.


CC BY-SASkrive av Elisabeth Holst.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2020

Læringsressursar

Førstehjelp