Hopp til innhald

Fagstoff

Alvorleg bløding

Stort blodtap kan føre til at personen raskt mistar medvitet. Ved ei ytre bløding vil det vere synleg blod, mens det ved ei indre bløding ikkje vil vere det. Den indre blødinga kan derfor vere vanskelegare å oppdage.

Ytre blødingar oppstår ofte etter kutt- eller stikkskadar, mens indre blødingar kan kome etter støyt eller slag mot indre organ. Både indre og ytre blødingar kan føre til ein livstruande tilstand for den skadde.

Førstehjelpstiltak ved alvorleg bløding:

Ring 113, her vil du få rettleiing og hjelp.

Ved ytre bløding

Sjå etter teikn på ytre bløding som blod på kleda. Ved synleg bløding er oppgåva di å stoppe blødinga, gjer då følgjande:

  • Legg den skadde ned og hev den skadde kroppsdelen viss det er mogleg.
  • Viss det sit gjenstandar i såret, ikkje fjern desse. Det kan då byrje å blø meir.
  • Trykk hardt direkte mot såret med handa di med knytt neve eller kneet viss såret er stort. Legg ein bandasje eller eit tøystykke imellom dersom det er tilgjengeleg.
  • Hald trykket i såret heile tida til det sluttar å blø.
  • Legg så på ein trykkbandasje, bruk ein bandasje eller eit tøystykke og fest dette. Det er viktig at du strammar denne godt.
  • Ikkje fjern bandasjen eller tøystykket du har lagt på, sjølv om det framleis blør.
  • Hald i tilfelle fram med å halde trykket hardt utanpå bandasjen/såret for å stoppe bløding.
  • Forsterk eventuelt bandasjen.
Trykkbandasje på blødande sår. foto.

Ved indre bløding

Ved mistanke om indre bløding, sjå etter om personen

  • hostar eller kastar opp blod
  • blør frå kroppsopning
  • har beinbrot
  • har oppsvulma/øm mage
  • har hevelse i nærleiken av skadestad

Sjå etter teikn på sjokkutvikling som at pasienten er bleik, kald, svimmel eller har kaldsveitt hud eller nedsett medvit.

Ved begge tilstandar gjeld òg følgjande førstehjelpstiltak:

Viss den skadde personen mistar mykje blod, kan personen miste medvitet.

Overvak personen, og følg instruksjonane i artikkelen Den første undersøkinga.

Ver merksam på at stort blodtap kan føre til at personen får hjartestans. Ver derfor klar til å starte hjarte- og lungeredning.

Kjelder

Alvorlig blødning. (2018). I T. Johannessen (red.), Norsk Helseinformatikk. Henta 24. november 2019 frå https://nhi.no/forstehjelp/blodninger/blodning-alvorligore_bloedninger

Farstad, G. (u.å.). Hvordan stoppe store ytre blødninger ...??? Henta 24. november 2019 frå https://www.nakos.no/file.php/1/Presentasjoner/Skandinavisk_Akuttmedisin/Skandinavisk_Akuttmedisin_2012/B6_Detne_lurar_jeg_paa_i_akuttmedisinen_del_2/Ytre_bloedninger_Farstad.PDF

Hva skjer ved en blødning? (2018). I T. Johannessen (red.), Norsk Helseinformatikk. Henta 24. november 2019 frå https://nhi.no/forstehjelp/akuttmedisin/hjertekar/blodning-hva-skjer/

Opdahl, H. og Nordseth, T. (2019). Blødning. I Bolstad, E. (red.), Store medisinske leksikon. Henta 24. november 2019 frå https://sml.snl.no/blC\\3B\\8dning

Stanse store blødninger. (2018). I I. Johansen og J. Blinkenberg (red.), Legevakthåndboken (6. utgåve). Henta 24. november 2019 frå https://www.lvh.no/naar_det_haster/praktiske_ferdigheter/sirkulasjon/stanse_st

CC BY-SASkrive av Ellen Marie Myhre Dahl og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2020

Læringsressursar

Førstehjelp