Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tiltak ved lågt eller høgt blodsukker

Både for lågt og for høgt blodsukker kan vere livstrugande. Ved at du er kjend med symptom, kan du raskare setje i verk korrekte tiltak.
Ein sort, digital blodsukkermålar som ligg i ei lita svart mappe på eit grønt bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Finn ut kva som er klassiske teikn på at ein person har lågt blodsukker.
  2. Finn ut kva som er klassiske teikn på at ein person har høgt blodsukker.
  3. Forklar kva "føling" er.
  4. Finn ut korleis retningslinjene er for korleis vi måler blodsukker korrekt.
  5. Beskriv kva tiltak du kan setje i verk viss du kjem til ein person med lågt blodsukker

    1. når personen er delvis medviten
    2. når personen er medvitslaus
  6. Finn ut kva som blir definert som

    1. høgt blodsukker
    2. lågt blodsukker
    3. normal blodsukkerverdi

Gruppeoppgåver

Oppgåvene 1 og 2 krev at de har eit blodsukkerapparat tilgjengeleg.

  1. Mål blodsukker på medelev.
  2. Mål blodsukker på medeleven etter at han eller ho har innteke sukkerhaldig brus, sjokolade eller andre søtsaker.
  3. Viss ikkje blodsukkerapparat er tilgjengeleg, kan de søkje på internett og finne ut kva som er normale verdiar for blodsukkernivået, og kva verdiar ein kan få etter rett etter inntak av søtsaker.
  4. Diskuter verdiane de har fått i oppgåvene. Korleis påverkar inntak av sukker resultatet av målingane?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Holst.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2020

Læringsressursar

Førstehjelp