Hopp til innhald

Fagstoff

Krampar

Krampar er når muskulaturen strammar seg og anten rykkjar eller blir heilt stiv. Dette er i dei fleste tilfelle eit teikn på sjukdom. Epilepsi er den vanlegaste årsaka til krampar med tap av medvit.

Teikn og årsaker til krampar

  • Berre 30 prosent av personar som har epilepsi, opplever krampar i ulike former.
  • Andre kan mellom anna oppleve medvitstap, rykkingar i ei hand, eller lukt-, smaks- eller synsforstyrringar.
  • Årsaka til eit epileptisk anfall er forbigåande forstyrringar i dei elektriske signala i hjernen. Korleis anfallet artar seg, kjem an på kvar i hjernen denne ukontrollerte signalstraumen er lokalisert.

Epileptiske anfall varierer frå små anfall som knapt blir merka, til kraftige anfall med krampar. Dei fleste anfall går over av seg sjølv i løpet av få minutt og krev ikkje medisinsk behandling.

Ein sjeldan gong går ikkje epileptiske anfall over av seg sjølv i løpet av få minutt, og personen vil då ha behov for førstehjelpstiltak. Det er òg behov for tiltak når det eine anfallet blir avløyst av det neste. Dette kallast status epilepticus, og personen skal då alltid til sjukehus.

Førstehjelpstiltak ved krampar

  • Ring alltid 113 når krampar oppstår hos ein tidlegare frisk person, eller om du er i tvil om kva du skal gjere. Du vil her få rettleiing og hjelp.
  • Legg personen i sideleie viss mogleg, for å sikre frie luftvegar (les meir om sideleie i lenkja nedst på sida).
  • Ikkje prøv å stoppe anfallet eller halde vedkomande fast, men prøv å verne personen mot støyt for å unngå skade.
  • Ikkje stikk noko inn i munnen til personen.
  • Ta tida på anfallet viss du har moglegheit. Ring 113 dersom det varer meir enn fem minutt hos ein person med kjend epilepsi.
  • Bli hos personen til hjelp kjem eller til vedkomande igjen er medviten.
ID-kort for personar med epilepsi. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Medvitslause personar som pustar sjølv, skal du leggje i sideleie. For å vere sikker på at personen pustar, bør pusten overvakast først.

Kjelder

Eiding, H. (2019). Nedsatt bevissthet og kramper. I Haugen, J. E. (Red.), Akuttmedisin utenfor sykehus (4. utgåve, s. 139–146). Oslo: Gyldendal Norske Forlag.

Krampeanfall hos voksne, veiviser. (2019). I T. Johannessen (Red.), Norsk Helseinformatikk. Henta 20. desember 2019 frå https://nhi.no/symptomer/hjerne-og-nervesystem/kramper-hos-voksne-veiviser/

Krampetilstand. (2018). I Bolstad, E. (Red.), Store medisinske leksikon. Henta 5. januar 2020 frå https://sml.snl.no/krampetilstand

CC BY-NC-SASkrive av Ellen Marie Myhre Dahl og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2020

Læringsressursar

Førstehjelp