Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Behandling av brannskadar

Brannskadar kan vere frå ubetydeleg skade til store skadar med dødeleg utgang. Raske og riktige tiltak til rett tid kan bidra til å avgrense skade. Kunnskapen om dette temaet skal du no nytte vidare i desse oppgåvene.
Hand med forbrenningsskade blir halden under rennande vatn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Noter ned sentrale punkt for førstehjelp ved ein forbrenningsskade.
  2. Sorter alle punkta dine i prioritert rekkjefølgje med det du meiner er viktigast, først.
  3. Finn ut av kor lenge ein bør kjøle ned ein brannskade med vatn.
  4. Finn ut kva temperatur som er den optimale når du kjøler ned ein brannskade.
  5. Beskriv dei ulike teikna på dei ulike alvorsgradane av forbrenningar.
  6. Er det lurt å stikke hol på blemmer ein har fått etter ei forbrenning? Argument for det valet du tek.

Gruppeoppgåver

  1. Les situasjonsskildringa under, og lag eit rollespel der de viser korleis de gir råd og rettleiing i denne situasjonen.

    Situasjonsskildring

    Ein ven ringjer deg. Han fortel at han har fått kokande vatn over handa. Det svir av smerte. Han er redd og veit ikkje kva han skal gjere.

  2. Gjennomfør rollespelet på nytt mens ein ny elev gir råd og rettleier.
  3. De har gjennomført øvinga to gonger. Lag eit tankekart i fellesskap med sentrale stikkord som de nytta i rettleiinga av venen som hadde fått ei forbrenning.

Relatert innhald

Det er vanleg å dele brannskadar opp etter alvorsgrad og omfang. Vêr merksam på at personen òg kan vere utsett for skadar i luftvegane.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Holst.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2020

Læringsressursar

Førstehjelp