Hopp til innhald

Fagstoff

Nedkjøling og forfrysingar

Forfrysingsskadar oppstår når ein del av kroppen blir utsett for nedkjøling. Fukt og vind aukar faren for forfrysingar, og sjølv temperaturar over frysepunktet kan gi skadar viss ein oppheld seg for lenge i kalde omgivnader. Forfrysingsskadar oppstår oftast på øyre, ansikt, fingrar eller tær.

Det er vanleg å skilje mellom overflatisk forfrysingsskade og djupare forfrysingsskade.

Overflatisk forfrysingsskade er når personen opplever stikkande smerte. Huda er kvit, kald og stiv. Huda kan bevegast fram og tilbake over underlaget. Når huda blir varma opp, blir ho raud.

Djupare forfrysingsskade er når huda verkar følelseslaus. Ho er hard og kan ikkje lenger bevegast frå underlaget. Når huda blir varma opp, vil ho bli raudleg, og blemmer kan oppstå.

Førstehjelpstiltak ved forfrysingar

Ring 113 ved alvorleg skade eller dersom du er i tvil. Her vil du få rettleiing og hjelp.

  • Ta med personen til ein varm stad med le for vind og kulde.
  • Fjern våte og tronge klede.
  • Ved forfrysingsskade i armar og bein skal desse bli haldne høgt.
    Varm hender og føter i di eiga armhole eller i lunka vatn. For varmt vatn kan skade.
  • Ansikt og øyre kan varmast ved hudkontakt. Oppvarma tøy kan òg nyttast.
  • Ikkje gni frostskadd hud, det kan gjere skaden verre.
  • Gi drikke med sukker, gjerne varm drikke.
  • Har du ein steril bandasje tilgjengeleg, surr denne forsiktig rundt den frostskadde kroppsdelen.
Nase med frostskade. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du skal vente med å varme forfrysningen dersom

  • personen må gå sjølv for å få hjelp. La personen gå dit vedkomande må, først, deretter kan du starte oppvarming.
  • oppvarminga ikkje kan gjennomførast heilt. Å starte oppvarming for så å bli nedkjølt igjen, gir større skadde.

Ved alvorleg nedkjøling kan personen bli medvitslaus, følg instruksane for den første undersøkinga.

Kjelder

Forfrysninger. (2018). I I. Johansen og J. Blinkenberg (red.), Legevakthåndboken. Henta 12. desember 2019 frå https://www.lvh.no/skader/termiske_skader/forfrysninger

Frostskader. (2018). I T. Johannessen (red.), Norsk Helseinformatikk. Henta 12. desember 2019 frå https://nhi.no/forstehjelp/akuttmedisin/varmekulde-skader/frostskader/

CC BY-SASkrive av Ellen Marie Myhre Dahl og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2020

Læringsressursar

Førstehjelp