Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Førstehjelp ved forgiftingar

Alvoret av forgiftingar kjem an på ulike faktorar, både mengd og type gift. Det er derfor viktig å kartleggje tidleg kva giftstoff som er innteke/rørt ved, og styrken eller dosen av giftstoffet.
Ei raud bøtte med ei flaske kaustisk soda, ei flaske salmiakk og ei flaske klorin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Finn ut av kva som kan vere ein risiko for forgifting for små barn i din eigen heim.
  2. Nemn typiske førebyggjande tiltak for å hindre forgiftingar.
  3. Det finst ulike narkotiske forgiftingar. Finn ut kva nokre av konsekvensane av ei slik forgifting kan vere.
  4. Kvifor kan det vere farleg med etylforgifting (alkoholforgifting)?
  5. Kva tiltak ville du sett i verk viss du fann ein ven som var etylforgifta?
  6. Finn ut kva Giftinformasjonen er.
  7. Kva er telefonnummeret til Giftinformasjonen? (Kanskje du vil lagre det på telefonen din?)
  8. Beskriv ein situasjon det ville vore naturleg å ta kontakt med Giftinformasjonen.

Gruppeoppgåver

  1. Les situasjonsskildringane under, og lag to rollespel der de praktisk utfører dei riktige førstehjelpstiltaka ved desse hendingane.

    Situasjonsskildring 1

    Ein person har vorte biten i beinet av ein hoggorm og har sterk svidande smerte. De ser eit tydeleg bitemerke som består av to punksjonshol med om lag fem millimeter mellomrom.

    Situasjonsskildring 2

    Den eine av dykk speler markør. Markøren ligg på golvet og er svært vanskeleg å få kontakt med. Det viser seg at han eller ho har drukke ein liter sprit. På golvet ser du oppkast.

  2. Diskuter tiltaka som vart sette i verk og eventuelle tiltak som mangla.

    1. Kvifor gjorde de som de gjorde?
    2. Var det noko som kunne vore gjort annleis?
    3. Kva var bra, og kvifor?

Relatert innhald

Mange stoff kan føre til forgifting. Riktig førstehjelp vil variere frå stoff til stoff.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Holst.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2020

Læringsressursar

Førstehjelp