Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Førstehjelp ved brystsmerter

Vi må alltid ta smerter og ubehag i brystet på alvor. Det er derfor viktig at du er kjend med nokre typiske teikn og symptom, slik at du kan bidra til tidleg varsling og korrekte tiltak.
Ein mann held hendene framfor brystet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Beskriv typiske symptom og kliniske teikn ved eit hjarteinfarkt.
  2. Finn ut kva for nokre viktige prinsipp som bør gjelde i behandling av ein person med smerter i brystet.
  3. Forklar omgrepa
    1. kliniske teikn
    2. symptom
    3. akutt koronarsyndrom

Gruppeoppgåve

  1. Lag eit rollespel der de tek utgangspunkt i situasjonsskildringa under, og vis korleis de vil handtere denne hendinga.

    Situasjonsskildring

    De er på skulen. På veg til i kantina i storefri møte de ein lærar som plutseleg har vorte dårleg med sterke smerter i brystet, kaldsveitte og kvalme.

  2. Evaluer gjennomføringa.

    1. Kva har de lært?
    2. Kva fungerte bra?
    3. Var det noko som kunne vore gjort annleis?

Relatert innhald

Smerter og ubehag i brystet må alltid bli teke på alvor. Viss det dreier seg om hjarte- og lungeproblem, krev dette hurtig behandling. Lær kva du bør gjere.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Holst.
Sist fagleg oppdatert 14.10.2020

Læringsressursar

Førstehjelp