Hopp til innhald

Fagstoff

Den første undersøkinga

Når du kjem i ein situasjon der ein person treng førstehjelp, må du først få oversikt over situasjonen. Det gjer du ved å skaffe deg eit overblikk over skadestaden. Kva har skjedd, er det nokon fare for deg, og kor alvorleg er situasjonen for personen?

For å vurdere kor alvorleg situasjonen er for personen, og kva hjelp personen treng, vil det vere eit godt utgangspunkt å undersøkje personen etter hugseregelen BLÅS. Den gjer det enklare for deg å hugse kva du skal gjere i ein stressa situasjon. BLÅS fortel kva du bør sjekke først.

  • B = bevisstheit (medvit)
  • L = luftvegar
  • Å = åndedrett (anderdrag)
  • S = sirkulasjon

BLÅS

Medvit

Sjekk om personen er medviten.
Rist i personen og rop: "Hei, kan du høyre meg?"
Dersom personen ikkje svarer: Klyp i armen for å sjå om vedkomande reagerer på smerte.
Viss personen svarer: Sjekk om vedkomande er orientert for tid og stad.

Luftvegar

Sjekk om personen har frie luftvegar.
Opne munnen til personen og sjå om det ligg noko der.
Fjern framandlekamar som oppkast, matrestar eller liknande.

Åndedrett/andedrag

Sjekk om personen pustar.
Kva ja, korleis pustar personen? Er det normalt?
Viss du ikkje merkar pust, legg øret inntil munnen til personen og høyr etter pustelydar. Du kan kjenne ein luftstraum viss personen pustar.
Sjå på brystet til personen om det hevar og senkar seg.

Sirkulasjon

Sjekk om personen har pågåande bløding.
Er det synleg blod?
Korleis er hudfargen til personen? Gråleg eller blåleg?
Ikkje bruk tid på å sjekke pulsen til personen viss du ikkje er trena på dette. Då kan verdifull tid gå tapt.


Livreddarar hjelper ein medvitslaus mann ved bassengkanten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førstehjelpstiltak

  1. Ring medisinsk nødtelefon på 113 viss du finn ut at personen har avvik frå det normale med tanke på medvit, pust eller sirkulasjon, eller du er det minste usikker på korleis personen har det, eller kva du skal gjere. 113 vil gi deg rettleiing og hjelp.
  2. Viss personen ikkje pustar: Sikr frie luftvegar ved å bøye hovudet bakover og løfte kjeven opp.
  3. Dersom personen pustar: Observer vedkomande i minimum eit minutt og legg vedkomande i sideleie.
  4. Viss personen ikkje er medviten og ikkje pustar normalt: Start umiddelbart hjarte- og lungeredning.

Relatert innhald

Medvitslause personar som pustar sjølv, skal du leggje i sideleie. For å vere sikker på at personen pustar, bør pusten overvakast først.

Tidleg start av hjarte- og lungeredning kan vere med å auke moglegheita ein person har til å overleve, betydeleg, her tel kvart minutt.

Kjelder

Helsedirektoratet (2019). Hjerte- og lungeredning (HLR). Henta 8. november 2019 frå https://helsenorge.no/forstehjelp-og-skader/hjerte-og-lungeredning#BLC\\38\\5S

Hjerte- og lungeredning (gjenoppliving) på voksen person. I T. Johannessen (red.), Norsk helseinformatikk. Henta 8. november 2019 frå https://nhi.no/forstehjelp/bevisstloshet/hjertelungeredning-voksen/

CC BY-SASkrive av Ellen Marie Myhre Dahl og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2020

Læringsressursar

Førstehjelp